Det vart samla inn meir enn 120 millionar gamle flasker til ombruk i fjor gjennom retursystema. Foto: iStock.

Siste reis for gamle flasker

Stadig fleire ombrukflasker er på veg ut av butikkhyllene. Mange av dei vart samla inn for siste gong i fjor. Samstundes får dei fleste retursystema fritak frå miljøavgifta på grunn av at returdelen er høg. 

OM RETURORDNINGAR

Returordningar legg til rette for innsamling, forsvarleg behandling og gjenvinning av avfall. I Noreg har vi lenge hatt retursystem for drikkevareemballasje.

Panteordningane for plast- og glasflaskar og metallboksar har eksistert i ei årrekkje. Emballasje utan pant frå hushald samlast i stor grad inn gjennom den kommunale eller interkommunale avfallsinnsamlingen.

Les meir på Miljøstatus

RETURDEL
Det er i dag 10 godkjende aktive retursystem for drikkevareemballasje i Noreg. Retursystema søkjer årlege Miljødirektoratet om fastsetjelse av returdel i perioden frå 1. juli eitt år til 30. juni påfølgjande år.

I tillegg rapporterer dei oppnådd returandel føregåande kalenderår. Vedtaket til Miljødirektoratet om returdel ligg til grunn for Skattedirektoratets fastsetjelse av miljøavgift for drikkevareemballasjen.

Dei siste åra har drikkevarebransjen skifta ut fleire og fleire gamle ombrukflasker i glas og plast med eingongsemballasje i ulike materialar. 

Legg om

Det har gitt store endringar i logistikken. I staden for å vaske og fylle brukte plastflasker, vert det no brukt såkalla preformflasker – små kapslar som liknar små reagensrøyr og som mangedoblast i storleik når dei vert blåst opp. 

Sjå korleis her

Dei populære eingongsflaskene førde til at det gjennom retursystema vart samla inn meir enn 120 millionar gamle flasker til ombruk i fjor. Mange flasker leska ganane til nordmenn for aller siste gong.

Bryggeri - og drikkevareforeininga samla inn 40 millionar fleire flaskar enn eigarane deira plasserte i butikkhyllane. Retursystemet rapporterte dermed ein returdel på over 160 prosent.

– Utfasinga av flasker til ombruk gir utslag i returdelen for retursystema som har hatt slike flasker i systemet i mange år, og som no samlar dei inn for siste gong, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Retursystemet har fungert godt

Miljødirektoratet bestemmer kvart år venta returdel for det enkelte retursystem basert på kva som er oppnådd tidlegare år og kva dei forventar å samla inn neste år.

Denne returdelen avgjer igjen kor mye retursystema må betala i miljøavgift. Om returdelen er større eller lik 95 prosent, slepp systema retursystemet å betala miljøavgift.

Fem system får fullt fritak frå miljøavgifta. Resten har auka returdelen sin samanlikna med året før.

Retursystem

Sett fast returdel for perioden frå 1. juli 2016 

Endring frå førre vedtak om returdel

Bryggeri- og drikkevareforeningen (BROD)

95 %

Uendra

Norsk Returkartong (skoler og barnehager)

95 %

Uendra

Norsk Returkartong (drikkekartong)

94 %

Sat opp 2 %-poeng

Infinitum (aluminium og stål)

95 %

Uendra

Infinitum (plast)

95 %

Uendra

Plastretur

87 %

Sat opp 1 %-poeng

Norsk Glassgjenvinning

90 %

Uendra

Norsk Metallgjenvinning

72 %

Sat opp 7 %-poeng

Askim frukt- og bærpresseri

88 %

Sat opp 2 %-poeng

Ringnes Supply Company

95 %

Uendra

KONTAKT

seniorrådgjevar Christoffer Back Vestli 
seksjon for avfall og gjenvinning
telefon: 928 22 405

Tema