FNF Møre og Romsdal: Høyring forskrift om gummigranulat

Ein må jo vere svaksynt om ein er nær ei kunstgrasbane i dag og ikkje ser utfordringa med mikroplast ut i naturen. Ut frå vår erfaring i Møre og Romsdal er det store bildet at idretten ikkje tek miljøutfordringane med gummigranulat på alvor. Sjølv om forureiningslova regulerer denne ulovlegheita og at spelemidlane ligg tilgjengeleg for finansiering av tiltaka, blir ikkje denne moglegheita nytta i dag. Det må nok difor til ein innstramming i regelverket som minimerer skadane ved desse utsleppa av mikroplast ut i naturen. Vi rår difor til at forskrift for handtering av gummigranulat blir vedteken. Når det gjeld dei to alternative overgangsordningane for eksisterande baner rår vi til alternativ 1 med 2 år som tidsfrist for gjennomføring. Vi rår også til at statsmidlane (spelemidlane) til kunstgrasbaner går til rehabilitering framfor å byggje nye kunstgrasbaner inn til dette er på stell.
Uttalelse fra:
FNF Møre og Romsdal
Firma:
FNF Møre og Romsdal
Emne:
Høyring forskrift om gummigranulat
Epost:
moreogromsdal@fnf-nett.no