Forsvarsbygg søkjer om verksemd på Sikveland-Jolifjell (2019/1985)

Forsvarsbygg søkjer om revidert løyve til forureinande verksemd etter forureiningslova for Sikveland - Jolifjell skyte - og øvingsfelt i Gjesdal og Time kommune i Rogaland.

Miljødirektoratet har motteke ein søknad frå Forsvarsbygg (org.nr.: 975 059 662) om revidert løyve til forureinande verksemd for Sikveland - Jolifjell skyte- og øvingsfelt. Feltet si utstrekning er ca. 17,5 km2, kor størstedelen ligg i Gjesdal kommune og ein mindre del i Time kommune. Søknaden er eit ledd i prosessen med å sikre rammevilkår for vidareføring av Forsvarets gjeldande verksemd i skytefelta sine.

Skyte- og øvingsfeltet blei primært etablert i det føremålet å dekkje Forsvarets behov for grunnleggjande skytetrening med tyngre våpen (bombekastar og rekylfri kanon). Forsvaret har behov for framtidig bruk av skytefeltet, men behovet omfattar ikkje lengre bruk av bombekastar. Dagens behov tilseier ei oppgradering av feltet til å inkludere ei bane for feltskyting med handvåpen, ei bane for 12,7 mm og standplass for rekylfri kanon. Miljødirektoratet er kjent med at det går føre seg ein revisjon av gjeldande reguleringsplan for skyte- og øvingsfeltet.

Ammunisjon inneheld forureinande stoff, blant anna bly, kadmium og krom. Desse stoffa kan forureine grunn og vatn. Anna forureining forbundet med feltet er støy. Avstanden frå støykjelder til nærmaste busetnad er ca. 1,75 km. Det vil gå føre seg nattskyting med avgrensing til inntil 10 netter/år.

Saksdokumenta og skjema for å gje elektronisk høyringsfråsegn finn du på denne sida. Høyringsdokumenta ligg i høgremenyen.

Det er også mogeleg å sende inn høyringsfråsegn i vanleg brev til Miljødirektoratet, Postboks 5672 Torgarden, 7485 Trondheim. Høyringsfråsegner vil kontinuerleg bli publiserte på Miljødirektoratet.no, med mindre du uttrykkjeleg har reservert deg mot dette.

Høyringsfrist er 15. april 2019.

Send inn høringskommentar

Uttalelse fra:  
Firma /
Organisasjon:
 
E-post:  
Emne:  
Uttalelse:
Last opp dokumenter:

NB! Høringskommentarer som lastes opp i skjemaet sendes automatisk til Miljødirektoratet og blir synlig under uttalelser på denne siden.

Høringsdokumenter

Høringsuttalelser

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

28.02.19

Firma: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Tema

Relaterte lenker