Miljørisiko og miljørisikoanalysar

Når ein aktivitet blir planlagd, skal det gjennomførast ein miljørisikoanalyse som skal framstille kva konsekvensar eit utslepp frå aktiviteten kan ha for miljøet og kva sannsynligheita er for at eit utslepp skal hende.

Miljørisiko = sannsynlegheit for hending x miljøkonsekvens

Det finst fleire metodar for vurdering av miljørisiko, og miljørisiko kan presenterast på ulike måtar. Generelt kan ein seie at miljørisiko er ein funksjon av sannsynligheita for at ei hending (for eksempel utslepp) hender og miljøkonsekvensen gitt ei slik hending.