Vindkraft og miljømål

Vindkraftanlegg kan komme i konflikt med nasjonale miljømål for mellom anna landskap, inngrepsfri natur, friluftsliv og naturmangfald. Miljødirektoratet arbeider for at dei negative konsekvensane av vindkraft på desse miljøforholda skal bli minst mogleg.

Nasjonale mål for vindkraft

Då stortingsmeldinga Om energipolitikken (1999) blei behandla, blei det vedteke eit mål om å produsere 3 terawattimar (TWh) vindkraft årleg innan 2010. I 2006 fastsette regjeringa eit nytt samla mål utan å talfeste noko nytt mål for vindkraftproduksjon: 30 TWh meir fornybar energiproduksjon og energieffektivisering per år i 2016 enn i 2001.

Verken ordninga med elsertifikat eller plikter etter fornybardirektivet til EU har konkrete mål for kor mykje vindkraft som skal produserast. Det er likevel klart at vindkraft vil utgjere ein stor del av utbygginga av ny fornybar energi i åra framover.

Noreg har eit stort teknisk potensial for å byggje ut vindkraft – mellom 5800 MW (17,4 TWh) og 7150 MW (21,5 TWh) på land og mellom 18 og 44 TWh til havs. Kor omfattande vindkraftutbygginga reelt sett blir, vil ifølgje Klimameldinga – Meld. St. 21 (2011–2012) – vere avhengig av mange faktorar, inkludert akseptgraden for påverknad på naturmangfald og andre miljøverdiar, avvegingar mot andre brukarinteresser, teknologiutvikling, utbyggingskostnader og framtidige pris- og marknadsforventingar frå aktørane.

Miljøverndepartementet og Olje- og energidepartementet har utarbeidd retningslinjer for å planleggje og lokalisere vindkraftanlegg. Retningslinjene skal sikre at utbygginga skjer etter heilskaplege og langsiktige vurderingar, slik at konfliktane med andre arealbruksinteresser og miljø- og landskapsomsyn ikkje overstig grensa for kva som skal vurderast som akseptabelt.