Sentrale forskrifter til lakse- og innlandsfisklova

Her finn du ei oversikt over sentrale forskrifter etter lov om laksefisk og innlandsfisk. Forskriftene gjeld for heile landet.

I tillegg til dei sentrale forskriftene er det gitt mange lokale forskrifter som gjeld for det enkelte fylket, mellom anna forskrifter som oppgir fisketider i vassdrag, og forskrifter om fiske etter innlandsfisk. Dei sentrale forskriftene etter lov om laksefisk og innlandsfisk blir presenterte nedanfor i kronologisk rekkjefølgje. Dei nyaste forskriftene kjem først.

Du kan ògsøkje etter sentrale forskrifter på nettsidene til Lovdata.

05.10.2012 nr. 0731
Forskrift om fisketider for fiske etter anadrome laksefisk i sjøen (med endring av 31.05.2012)

Forskrifta fastset fisketida for forskjellige reiskapstypar i ulike regionar i heile landet. 

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

15.06.1993 nr. 0532
Forskrift om fiskeravgift (med endring av 15.12.2010)

Forskrifta regulerer i kva tilfelle det er krav om fiskaravgift for fiske etter anadrom laksefisk og innlandsfisk. I tillegg er det oppstilt reglar om dispensasjon frå kravet til avgiftsbetaling og kontroll med betalt avgift ved fiskekortsal.

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

26.06.2009 nr. 0851
Forskrift om fiske etter innlandsfisk mv. og fangst av kreps (innlandsfiskeforskrifta)

Forskrifta gjeld for fiske av innlandsfisk og fangst av kreps på det norske fastlandet. Forskrifta gjeld også for katadrome og marine artar når dei er i vassdrag.

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

20.08.2007 nr. 0987
Forskrift om jakt, felling, fangst og fiske på statsgrunn

Forskrifta er ei samleforskrift, og ho tek for seg fiske og jakt på statsgrunn. Reglane for fiske er vesentleg forenkla samanlikna med tidlegare forskrift om fiskeforvalting på statsgrunn. Når det gjeld fiske, slår forskrifta fast at administrasjonen av fiske på statsgrunn utanom statsallmenningane ligg hos Statsskog. Forskrifta gir reglar om mellom anna fiske i sjø etter anadrom laksefisk og om inndraging av lakseplassar.

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

15.11.2004 nr. 1468
Forskrift om fysiske tiltak i vassdrag

Forskrifta oppgir vassdragstiltak det er forbode å setje i verk utan løyve frå Fylkesmannen, og gir Fylkesmannen høve til å krevje at tiltak som er sette i verk i strid med føresegnene, blir fjerna, for å få tilbake den naturlege tilstanden.

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

20.06.2003 nr. 0736
Forskrift om åpning for fiske etter anadrome laksefisk (Åpningsforskrifta)

Forskrifta fastset kven som regulerer fisket i vassdrag og i sjø, og bestemmer kva reiskapstypar som kan tillatast til fiske etter anadrom laksefisk. Forskrifta har òg føresegner om minstemål.

Forskrifta i fulltekst
(Lovdata)

20.06.2003 nr. 0737
Forskrift om nedsenking av garnredskap

Forskrifta fastset reglar for å setje ned garn for fangst av saltvassfisk i perioden 1. mars–30. september. Forskrifta beskriv òg unntak for yrkesfiske.

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

25.02.2003 nr. 0256
Forskrift om oppgaveplikt og om redskaper som er tillatt benyttet ved fiske etter anadrome laksefisk

Forskrifta definerer dei ulike reiskapane som er tillatne for fiske etter anadrom laksefisk (laks, sjøaure og sjørøye), og gir reglar om registrering, merking, plassering og stenging av reiskapar. I tillegg inneheld forskrifta føresegner om fangstrapportering ved fiske i elv og sjø.

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

13.07.2001 nr. 0833
Forskrift om ferskvannskreps

Forskrifta oppgir den tillatne fangsttida for ferskvasskreps og regulerer minstemål ved fangst.

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

03.05.2000 nr. 0378
Forskrift om gjennomføring av flertallsvedtak vedrørende organisering og drift av vassdrag etter lov om laksefisk og innlandsfisk §25

Forskrifta regulerer bruk av fleirtalsvedtak til å oppnå tvungen organisering og drift av vassdrag. Forskrifta oppgir framgangsmåten for å bruke fleirtalsvedtak og når det skal haldast møte med sikte på å gjere slikt vedtak. Kva vedtak som kan gjerast, krav til innhaldet i innkallinga og i vedtaket, kor lenge vedtaket gjeld, og føresegner om overprøving av vedtaket går fram av forskrifta.

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

11.11.1993 nr. 1020 Forskrift om utsetting av fisk og andre ferskvannsorganismer for kultiveringsformål

Forskrifta gir reglar om utsetjing av fisk og andre ferskvassorganismar av stedeigen stamme for kultiveringsføremål.

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

25.06.1993 nr. 0570
Forskrift om framleie av fiskerett

Forskrifta set forbod mot å framleige fiskerett utan løyve frå Fylkesmannen og stiller opp visse situasjonar der framleige kan skje utan særskilt løyve.

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

30.12.1992 nr. 1232
Forskrift om etablering og drift av kultiveringsanlegg for fisk og kreps

Forskrifta stiller krav om løyve for å etablere eller drive anlegg, dam eller innhegning for klekking, produksjon eller oppbevaring av anadrom laksefisk, innlandsfisk og kreps for seinare utsetjing i naturen. Forskrifta stiller òg opp vilkår for å gi løyve og oppgir tilfelle der løyve ikkje skal givast. I tillegg gir ho reglar om søknad og om tilbaketrekking av løyve.

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

30.12.1992 nr. 1230
Forskrift om fangst av elveperlemusling

Forskrifta set forbod mot å fange elveperlemusling utan løyve frå Fylkesmannen og oppgir vilkår for å gi løyve.

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

30.12.1992 nr. 1229
Forskrift om regulering av barns fiske

Forskrifta innskrenkar føresegnene i lakse- og innlandsfisklova om vederlagsfritt fiske for barn under 16 år når det gjeld kunstige fiskedammar på land. I tillegg får Fylkesmannen høve til å avgrense det vederlagsfrie fisket dersom det er til vesentleg skade for fiskekulturarbeid eller fisket til rettshavarar.

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

18.12.1992 nr. 1177
F
orskrift om utvidelse av lovas saklige virkeområde
Forskrifta utvidar føresegnene i lova mellom anna om import og kultiveringstiltak til også å gjelde andre ferskvassorganismar enn anadrom laksefisk, innlandsfisk og kreps.

Forskrifta i fulltekst (Lovdata)

Innførsel og utsetjing av fisk og andre ferskvassorganismar reguleres under naturmangfaldlova og forskrift om fremmede organismer.

Relaterte lenker