Lokale forskrifter etter lakse- og innlandsfisklova

Etter fleire av føresegnene i lakse- og innlandsfisklova er myndigheit lagd til Fylkesmannen, og det er gitt ei rekkje forskrifter etter lova som gjeld for enkeltfylke eller andre lokale område.

Lokale forskrifter omfattar òg føresegner om fredingssoner ved utløp av vassdrag som fører anadrom laksefisk, fredingssoner ved fisketrapper og andre særføresegner om fiske i vassdrag.

Forskriftene finn du i Lovdata.

Lokale fiskereglar for det enkelte vassdraget er ofte lagde ut på Internett på elveeierlagenes heimesider.

Når det gjeld fiske etter innlandsfisk, er det for enkelte fylke gitt føresegner om fisketider og reiskapsbruk, anten for enkeltvassdrag eller kommunevis. For større vassdrag som strekkjer seg over fleire fylke, kan det vere gitt fellesforskrifter som gjeld heile vassdraget.

Forskrifter for det enkelte fylket kan ein få hos Fylkesmannen eller på Lovdata-basen for lokale forskrifter.