Forskrifter og retningslinjer til fjellova

Innanfor myndigheitsområdet til Miljøverndepartementet er det gitt forskrifter om viltforvalting på statsgrunn og reglar om korttypar og prisrammer for fiske, småvilt- og villreinjakt i statsallmenning.

I tillegg er det gitt forskrifter som regulerer saksbehandlinga ved vedtak som fjellstyra har gjort, og reglar om mellom anna seter og tilleggsjord. Det er Landbruksdepartementet som har gitt desse forskriftene.

Gjeldande forskrifter til fjellova innanfor myndigheitsområdet til Miljøverndepartementet:

03.04.2004 nr. 515
Forskrift om jakt, felling, fangst og fiske i statsallmenning

Forskrifta oppgir kva korttypar som skal vere tilgjengelege for jakt og fiske i statsallmenning, og gir prisrammer for dei ulike korttypane. Med verknad frå 3. august 2004 omhandlar forskrifta òg sal av jakt på elg, hjort, rådyr, bever og gaupe. I tillegg gir forskrifta reglar om rapportering og jaktlag ved jakt på villrein.

 Retningslinjer til forskriften (pdf)