Ulovleg utslepp i Frierfjorden kostar Yara 2,5 millionar

Klif melde Yara Porsgrunn på Herøya til politiet i juni 2011, etter eit utslepp av 2080 tonn flytande kalksalpeter til Frierfjorden. Telemark politidistrikt har no pålagt Yara eit førelegg på kr 2,5 mill. for forholdet. Førelegget er vedteke.

Politiet har lagt vekt på at utsleppet var stort og strekte seg over lang tid utan å bli oppdaga, og at utsleppet kunne vore unngått ved enkle vurderingar og tiltak. Det blir også lagt stor vekt på at Yara blei straffa både i 2009 og 2010 for blant anna manglande kartlegging av risikoforhold og tiltak for å redusere risikoforholda ved visse område ved verksemda. Politiet har også lagt vekt på økonomien til verksemda.

Viktig signal

– Det er opplyftande for arbeidet vårt med miljøkriminalitet at meldinga har ført til straff. Det høge førelegget til Yara gir eit viktig signal til andre verksemder om at brot på regelverket blir straffa hardt, seier Ellen Hambro, direktør for Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif).

Tema