Fleire rettleiarar om forureina sjøbotn er revidert

Rettleiar om handsaming av sediment frå 2004 har gjennomgått ein omfattande revisjon. Den har vore til høyring og er no klar. Revisjonen er ei vesentleg oppdatering i tråd med utviklinga på sedimentområdet dei siste åra, basert på røynsle og ny kunnskap.

Handsaming av sediment

Rettleiaren er utarbeidt med tanke på alle som arbeider med å planleggje, gje løyve til eller gjere åtgjerd som inneber handsaming av sediment på sjøbotnen, så som myndigheiter, dei som gjer åtgjerd eller rådgjevarar.

Handsaming av marine sediment i samband med behov for mudring i havner, skipsleier, innmed bryggjer og liknande, er og omfatta av rettleiaren.

Den gir oversikt over korleis åtgjerd i forureina sediment bør planleggast, aktuelle åtgjerder og dagens regelverk. Videre omfatter rettleiaren kva som er nødvendig grunnlag for vurdering av ei sak og dokumentasjon i samband med søknader.

Risikovurdering

Klif har og gjort ei mindre revisjon av rettleiaren om risikovurdering av forureina sediment. Uklarleikar og feil er søkt retta opp. Ny tekst er komen til om bruk av miljømål frå vannforskrifta, og om økotokstester på andre artar, der resultata er enklare å tolke. Rekneverktyet som høyrer til rettleiaren er tilsvarande endra. Sjekk endringane i revisjonsprotokollen i reknearket. Bakgrunnsdokumentet til rettleiaren og klassifiseringssystemet for miljøkvalitet i sjøvatn og sediment er også endra og tilpassa revisjonen. To vedlegg til bakgrunnsdokumentet er flytt til rettleiaren.

Begge rettleiarane er no utrusta med aktive internlenkjer for å lette bruken av dei.

Tema