Strengare miljøkrav til dei som hogger offshore-anlegg

Klif gjennomfører nye og strengare miljøkrav til bedriftene som hogger opp utrangerte oljeplattformer og andre offshoreinstallasjonar. AF Miljøbase Vats er det fyrste av tre slike anlegg i drift som blir pålagt nye krav.


AF Miljøbase Vats: Den fyrste av tre offshore-opphoggarar som må innfri nye og strengare miljøkrav. Foto: AF Decom Offshore.

Dei nye miljøkrava til Vats

  • Dei nye krava til AF Miljøbase Vats inneber blant anna at bedrifta skal redusere utsleppa til luft, ved å fjerne mest mogeleg måling før det blir brukt skjerebrennar på konstruksjonane.
  • Det skal takast jamlege målingar av støvnedfallet i randsone rundt bedrifta sitt område.
  • Klif innskjerpar utsleppsgrensene til sjø for bly og oljehaldig vatn og fastset nye og strengje utsleppsgrenser for dei prioriterte miljøgiftene arsen og krom.
  • Klif stiller nye krav til finansiell tryggleik for farleg avfall som blir lagra på bedriftsområdet.
  • Bedrifta kan vedlikehalde skip og boreriggar som ligg til kai ved AF Miljøbase Vats. Vilkåret er at arbeidet kan utførast utan at det oppstår fare for forureining eller støy ut over fastsette grenser.
På norsk sokkel står det rundt 500 offshoreinstallasjonar, som til saman inneheld fleire millionar tonn stål og betong. Installasjonane inneheld også rikelege mengder farleg avfall. No går produksjonen mot slutten på fleire felt langs kysten, og det betyr at mange installasjonar må hoggast opp.

– Internasjonalt regelverk krev i utgangspunktet at slike installasjonar blir tekne til land etter bruk, og vi må handtere avfallet frå offshorebransjen her i Noreg. Vi står framfor ein periode med aukande aktivitet på dette området, og derfor er Klif i ferd med å gjennomføre nye og strengare miljøkrav til alle bedriftene i bransjen, seier Ellen Hambro, direktør for Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif).

Skal bruke dei beste teknikkane

Klif la fram ein rapport om avvikling av utrangerte offshoreinstallasjonar våren 2010. Ei av tilrådingane var at det burde bli gjennomført ein full gjennomgang av løyva til alle anlegga som mottek utrangerte offshoreinstallasjonar, for å sikre ei heilskapleg regulering, og at alle anlegga nyttar det som blir kalla beste tilgjengelege teknikkar (BAT). Miljøverndepartementet støtta denne tilrådinga.

Full revisjon i gong

Klifs gjennomgang av krava til den fyrste bedrifta – AF Miljøbase Vats – er no fullført. Bedrifta får varsel om at det vil kome nye utsleppskrav. Samtidig får bedrifta og andre berørde partar ein frist på fire veker til å kommentere varselet om endringar i utsleppskrava.

For dei andre anlegga i same bransje, Kværner Stord og Scanmet AS, er ein full revisjon av løyva i gong. Revisjonen blir ferdigstilt i løpet av hausten, og bedriftene vil bli pålagt skjerpte krav tilsvarande dei som blir stilt til AF Miljøbase Vats. Også Lutelandet Offshore AS, som har planar om ei etablering i Fjaler i Sogn og Fjordane, vil bli pålagd nye miljøkrav.

Strengare utsleppskrav

Alle anlegga vil blant anna få strengje utsleppsgrenser til vatn, og krav om tiltak for å redusere diffus spreiing av forureining til luft og vatn. Det blir stilt krav til mottak, lagring og handtering av avfallet, og krav til støy. Det blir også stilt krav til måleprogram for utsleppa og program for å overvake effektane av utsleppa i miljøet. AF Miljøbase Vats har strengje krav i dag, men Klif har skjerpt krava ytterlegare.

Tema