Mangelfull oversikt kan true tryggleiken

Seks av ti kontrollerte verksemder manglar oversikt over kva som kan utgjere risiko for arbeidstakarar, samfunn og miljø. Det syner resultata av ein landsomfattande risikoaksjon. Verkstader, bygg og anlegg og industri er dei bransjane med størst forbetringspotensial.

Aksjonen blei gjennomført av Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif), Fylkesmannen, Statens strålevern, dei lokala brann- og Eltilsyn, Næringslivets tryggleiksorganisasjon og Arbeidstilsynet.

 

Felles tilsynsaksjon: Meir enn 300 inspektørar over heile landet kontrollerte i haust kva verksemdene gjer for å kartleggje og redusere risiko. Foto: John Petter Reinertsen.

Fem etatar deltok:

  • Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), inklusive lokale brannstell og dei lokala Eltilsyn
  • Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif), inklusive Fylkesmannens miljøvernavdelingar
  • Statens Strålevern
  • Arbeidstilsynet
  • Næringslivets tryggleiksorganisasjon
Inspektørane har vore ute i nær 450 verksemder over heile landet for å sjekke om dei gjer nok for å kartleggje og redusere risiko. Resultatet er dårlegare enn i fjor. Då blei kontrollaksjonen gjord hos større bedrifter, mens det i år var fleire mindre verksemder som blei kontrollerte. Erfaringsmessig er det dei største verksemdene som har best kontroll på gjeld helse- miljø og tryggleik.

– Å ha god oversikt over kva som kan utgjere ein risiko, er viktig for å førebyggje ulukker og hindre helse- og miljøskadar. For å iverksetje gode tiltak og redusere risikoen, er det helt nødvendig å ha god kjennskap til kva for farar som faktisk finst, seier direktør Ingrid Finboe Svendsen i Arbeidstilsynet på vegne av alle tilsynsstyresmaktene som har medverka i aksjonen.

Dei viktigaste funna

  • Seks av ti verksemder har ikkje kartlagt og manglar derfor oversikt over kva som kan utgjere ein risiko for arbeidstakarane sine, samfunnet og miljøet.
  • Meir enn halvparten har ikkje gjort risikovurdering. Det vil seie at dei ikkje veit kva som er dei største farane i verksemda og kva det er viktigast at dei tek tak i fyrst.
  • Halvparten har ikkje satt i verk tiltak for å hindre at farlege situasjonar oppstår, og dei manglar rutinar for å rette opp og redusere skaden dersom kritiske hendingar skjer.
  • Det er dei største verksemdene som jobbar best med å førebyggje farar og skadar. Det er særleg små og mellomstore bedrifter som manglar oversikt og tiltak for å førebyggje og handtere farar og potensielle problem.
  • Verkstader, bygg og anlegg og industri er dei bransjane med størst forbetringspotensial.
  • Det er ikkje markante geografiske forskjellar i funna.

Inga betring

Storsatsing på risiko

  • Målet med aksjonen er å øke sikkerheten på norske arbeidsplasser og for Målet med aksjonen er å auke tryggleiken på norske arbeidsplassar og for samfunnet og miljøet. Inspektørane har gjennomført kontrollar i blant anna bygg- og anlegg, verkstadbedrifter og næringsmiddelindustri.
  • Aksjonen i haust er tredje gong tilsynsstyresmaktene gjer ein slik felles innsats for å hjelpe til å førebyggje og redusere konsekvensane av ulukker som rammar folk og miljø.
I aksjonen i fjor mangla 25 prosent av dei kontrollerte verksemdene oversikt over kva risiko dei utgjorde for helse og miljø. I årets aksjon er det heile 60 prosent som har for dårleg oversikt over farane på arbeidsplassen og for miljøet. At resultatet er så mykje dårlegare i år, kan i hovudsak forklarast med at deil fleste tilsyna er gjennomført i små og mellomstore verksemder.

Særleg dårleg hos verkstadene

Klif og Fylkesmannen har gjort tilsyn hos små verkstader og bilpleiefirma som del av den felles kontrollaksjonen. Resultata frå denne bransjen viste seg å vere dårlegare enn gjennomsnittet på landsbasis. Her mangla 75 prosent av dei kontrollerte bedriftene kartlegging over risikoforhold knytte til drifta.

– Verkstadbransjen består av mange små verksemder. Til saman har dei likevel eit ganske stort potensiale for forureining, så vi ser alvorleg på resultata. Vi følgjer opp verksemdene for å sikre at dei rettar opp forholda, seier Ellen Hambro, direktør for Klif.

Det er krav om at alle verksemder skal jobbe systematisk for å kartleggje risikoforhold, og dei må gjennomføre tiltak for å redusere desse til eit akseptabelt nivå. Årets aksjon viser at spesielt dei små verksemdene har ein jobb å gjere.

Tema