Pressefrukost om gruvedrift i Engebøfjellet 19. mars

Nordic Mining søkjer om gruvedrift i Engebøfjellet i Sogn og Fjordane. Dei ønskjer å deponere avgangsmassane i Førdefjorden. Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) og Direktoratet for naturforvaltning (DN) inviterer til pressefrukost i Oslo måndag 19. mars for å presentere vurderinga og anbefalinga vår.
  • Tid: Klokka 9-10 måndag 19. mars 2012. Vi serverer kaffi og rundstykke frå 8.30.
  • Stad: Lokala til Klif i Strømsveien 96 på Helsfyr i Oslo.

 Sjå strøyminga frå pressefrukosten

 

Engebøfjellet: Nordic Mining ASA har søkt forureiningsmyndigheitene om å utvinne mineralet rutil frå Engebøfjellet i Naustdal kommune. Foto: Klif.

Miljøverndepartementet vil avgjere søknaden frå Nordic Mining. Dei skal også vedta reguleringsplanen.

Klif si vurdering og anbefaling

Departementet har bedt om Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) si vurdering og anbefaling. Vi har vurdert miljømessige og andre samfunnsmessige konsekvensar av tiltaket. Vi gir også ei høringsfråsegn til innvendinga mot reguleringsplanen.

På pressefrukosten 19. mars legg direktør Ellen Hambro fram Klif si anbefaling til søknaden frå Nordic Mining.

Anbefaling frå Direktoratet for naturforvaltning

Miljøverndepartementet har tilsvarande bedt Direktoratet for naturforvaltning (DN) om ei vurdering og anbefaling. DN har vurdert reguleringsplanen med omsyn til konsekvensar for friluftslivet og mangfaldet i naturen. Ut frå dette, gir DN si faglege tilråding til departementet.

På pressefrukosten legg seksjonssjef Trond Simensen fram DN si tilråding i saka.

Tema