Handtering av isolerglasruter som er farleg avfall

På grunn av fare for spreiing av miljøgifter, må isolerglasruter handterast som farleg avfall. Bevisst knusing av slike ruter krev løyve frå forureiningsmyndigheitene.

Transport av farleg gods

  • Knuste isolerglasruter som inneheld miljøgifter, blir omfatta av ADR-regelverket for transport av farleg gods.
  • Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) gir informasjon om ADR-krav.
Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har fått informasjon om at knusing av isolerglasruter som er farleg avfall, skjer på byggjeplassar før eksport til utlandet.

Må søkje om løyve

På grunn av fare for spreiing av miljøgifter, kan knusing av slike isolerglasruter vere behandling av farleg avfall som krev løyve i samsvar med forureiningsloven.

Søknad om behandling av farleg avfall blir behandla av forureiningsmyndigheitene og må vere knytt til ein lokalitet.

Tema