Minkande tilførsler av sur luftforureining

Konsentrasjonane av svovel i luft og nedbør i Noreg har minka monaleg sidan 1980. Tilførslene av forsurande sambindingar (svovel og nitrogen) minkar ikkje like mykje som tidlegare år, men nivåa i 2011 var likevel litt lågare enn i 2010.

Årets rapport frå overvakinga av tilførsler av langtransporterte luftforureiningar, er no lagt ut. Rapporten gir ei oversikt over korleis tilførslene av forskjellige forureiningar har endra seg over ei årrekkje.

Stort sett lite ozon

Konsentrasjonar av bakkenært ozon varierer mykje frå år til år. Ozonnivåa i Noreg var stort sett lave i 2011. Det var nokre fleire episodar med mykje ozon i 2011 enn dei to føregåande åra, og høgaste timemiddelverdien var også noko høgare. Verdiane var likevel under EU sin grenseverdi for melding til befolkninga (180 mikrogram per kubikkmeter).

EU sitt langtidsmål for vern av helse er at det ikkje skal vere ozonverdiar over 120 mg per kbm målt over åtte timar. Dette blei overskride på nesten alle stasjonar i 2011. Også grenseverdiar for å verne vegetasjon blei overskriden to stader i 2011.

Lite langtransporterte partiklar

Partikkelforureining i luft er stort sett eit problem i byar i Noreg, men det er eit lite bidrag som kjem med langtransporterte luftmassar til Noreg. Konsentrasjonane av partiklar i luft og som skuldast langtransport var lave, og årsmiddelverdiane ligg langt under WHO sine retningslinjer for luftkvalitet.

Minkande miljøgifter

Dei langtransporterte tilførslene av metalla bly, sink og kadmium har minka med mellom 70 og 90 prosent sidan 1980. Nivåa i 2011 var lave og skil seg ikkje særleg frå dei føregåande åra.

For persistente organiske forureiningar (POP) er biletet noko meir nyansert. Konsentrasjonane av enkelte organiske forureiningar som lindan (gamma-HCH) har minka mykje både i Sør-Noreg (Birkenes) og på Svalbard (Ny-Ålesund) sidan målingane starta på siste halvdel av 90-talet.

Andre sambindingar som HCB og PCB viser likevel ikkje klare tegn til å minke. Sambindingar som flammehemmarar (PBDE) og perfluorerte sambindingar (PFC) viser ingen tydelege endringar over tid. Verdiane varierer frå år til år, og konsentrasjonane i 2011av begge stoffgruppene var like høge eller høgare enn tidlegare år.

Tema