Ny runde med stipend til klimaforskarar frå utviklingsland

FNs klimapanel oppretta eit fond for unge forskarar frå utviklingsland med pengane som følgde med Nobels fredspris. Nå lyser klimapanelet ut andre runde i stipendordninga.

Da FNs klimapanel (IPCC) og Al Gore tok imot Nobels fredspris i 2007, fekk dei også 10 millionar svenske kroner på deling. Klimapanelet oppretta eit fond som skal gi stipend til unge klimaforskarar med sin del av pengane.

Fondet skal særleg prioritere forskarar frå dei minst utvikla landa. I juli 2012 lyste FNs klimapanel ut andre runde i stipendordninga.  I 2011 fekk ni unge forskarar stipend frå fondet.

Mottakarane av IPCC-stipend i 2011 under tildelinga av "The Prince Albert II of Monaco Foundation grants for IPCC", Monaco, 7. oktober 2011.  © Palais Princier. Les meir om prosjekta.

Muleg å bidra til fondet

Fondet er opent for bidrag frå privatpersonar, organisasjonar og myndigheiter som støttar måla til fondet. Tidligare statsministar, Gro Harlem Brundtland, var den første som bidrog til fondet, med pengane ho tok imot frå Tallberg Leadership Award.

 

Tema