Møte om forureining frå Norilsk Nikel på Kola

Myndigheitene i både Noreg og Russland er uroa over forureininga frå nikkelproduksjonen på Kola. 3. og 4. juli deltok representantar frå Klif saman med andre norske myndigheitsrepresentantar på eit møte med russiske myndigheiter og verksemda Norilsk Nikel, som eig nikkelverka på Kolahalvøya.

Både Russland og Noreg erkjenner at utsleppa av ulike tungmetall og svoveldioksid frå nikkelproduksjonen er eit reelt forureiningsproblem.

Bilateralt miljøsamarbeid: Klif-direktør Ellen Hambro presenterer Klifs arbeid på møtet med russiske myndigheter og Norilsk Nikel. Foto: Barbro Thomsen, Klif

Norilsk Nikel har ambisjonar om å redusere utsleppa ved å ta i bruk best tilgjengeleg teknologi tilpassa forholda ved produksjonen i Nikel og Zapoljarny , men har foreløpig ikkje lagt fram nokon tidsplan for gjennomføringa. Utsleppsløyvet til verksemda skal fornyast i 2013.

Les meir om møtet på nettstaden til Miljøverndepartementet

Tema