Krev refusjon for miljøopprydjing på Askøy

Klif fekk i 2009 rydja opp på dei mest forureina delane av eigedomen til ein tidlegare måling- og lakkprodusent på Askøy utanfor Bergen. Opprydjinga kosta 2,4 millionar kronar, som Klif no krev refundert av Hempel AS.

Helsefare: Klifs undersøkingar i 2008 avslørde at eigedomen på Askøy var så forureina at det kunne vere helsefarleg å opphalde seg der. Foto: Klif

I 2008 blei det fastslått at delar av grunnen på det gamle fabrikkområdet etter måling- og lakkprodusenten Monopol Hempel på Askøy i Hordaland var så sterkt forureina at det kunne medføre helsefare for menneske å opphalde seg der.

Hempel blir halde ansvarleg

  • Produksjonen av måling og lakk på Askøy gjekk opphavleg føre seg i regi av Monopol Måling- og lakkindustri.
  • Det danske Hempel-konsernet kjøpte bedrifta i 1983, og det skiftet namn til Monopol Hempel. Denne verksemda blei lagd ned i 1991.
  • Eigedomane blei skilt ut i eit eige dotterselskap og seinare seld. Høgsterett slo i 2010 fast at Hempel likevel kunne haldast ansvarleg for å gjennomføre undersøkingar av grunnen.
  • Klif meiner at Hempel også er ansvarleg for den miljøopprydjinga som blei gjennomført i 2009.
  • Sjøbotnen utanfor fabrikkeigedomen, Florvågen, er blant dei mest forureina i Noreg. Ei undersøking i 2007 viste at området er forureina av store mengder PCB, tjærestoffar og tungmetall.
Konsentrasjonane av miljøgifta PCB i grunnen på eit tidlegare tønnelager var blant dei høgaste i Noreg. Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) vedtok å iverksetje ei umiddelbar opprydjing av dei mest akutte forureiningane på eigedomen.

I løpet av hausten 2009 blei ca. 2400 tonn sterkt forureina massar fjerna og leverte til godkjent mottak. Av desse massane var 121 tonn så forureina at dei blei vurderte som farleg avfall.

Forureinaren skal betale

I januar 2012 varsla Klif at det kunne bli aktuelt å krevje refusjon frå den noverande verksemda Hempel AS, som frå 1983 var morselskapet til den verksemda som forureina fabrikkområdet på Askøy. Hempels advokat svarde med å hevde at det ikkje fantest eit rettsleg grunnlag for å krevje refusjon, men Klif er ikkje einig i denne vurderinga.

- Etter ei grundig juridisk vurdering meiner vi at Hempel har eit refusjonsansvar i tråd med prinsippa i forureiningslova om at forureinar skal betale. Det skal ikkje vere slik at private aktørar kan organisere seg bort frå ansvaret sitt, seier Ellen Hambro, direktør for Klif.

Refusjonskravet gjeld opprydjing av den mest akutte forureininga på området.

Klif presiserer i refusjonskravet til Hempel at forureiningsansvaret følgjer verksemder som eit hefte, uavhengig av eventuelle eigarskifte så lenge verksemda blir vidareført.  

Rundar i rettssystemet

Miljøvernstyresmaktene og Hempel har tidlegare gått fleire rundar i rettssystemet. Hempel hevda blant anna at dei, som morselskap, ikkje kunne haldast ansvarleg for å gjere miljøtekniske undersøkingar. Dette synet blei ikkje støtta i tingretten, Borgarting lagmannsrett og Høyesterett, som alle gav miljøvernstyresmaktene medhald i at Hempel AS hadde eit ansvar.

Høgsterett slo i mars 2010 fast at eit morselskap kan vere ansvarleg etter forureiningslova. Det blir ikkje lagt avgjerande vekt på at morselskapet tek over drifta etter at forureininga har gått føre seg.

Tema