Klif støttar miljøundersøkingar i Borgundfjorden

Klif støttar Ålesund kommune med 750 000 kroner til miljøundersøkingar i Borgundfjorden.

Borgundfjorden ved Ålesund er prega av forureiningar frå tidlegare og noverande industriverksemd, og det er nødvendig å gjennomføre ytterlegare miljøundersøkingar for å kartleggje forureiningane.

I 2012 blir det gjennomført miljøundersøkingar som vil gi eit godt grunnlag for å kunne utarbeide ein tiltaksplan for fjorden. Ein slik plan vil seinare danne grunnlaget for avgjerder om kva tiltak som skal gjennomførast i området.

Ålesund kommune har søkt om 750 000 kroner for å delfinansiere miljøundersøkingane. Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har løyvt desse midlane til kommunen.

Ålesund eit prioritert område

Ålesund er eit av dei prioriterte områda i den nasjonale handlingsplanen for opprydjing i forureina sjøbotn. I delar av Borgundfjorden er sedimenta sterkt forureina med tungmetall og organiske miljøgifter.

Tema