Kjemikaliecocktail på 1-2-3

Dagleg blir menneske og miljø utsett for mange ulike kjemiske stoff. Denne kjemikaliecocktailen må vi ta på alvor, og det er eit stort behov for kunnskap. Ein ny brosjyre frå Nordisk ministerråd gir ein lettfatteleg introduksjon til risikoen og kva som kan gjerast.

Ved tradisjonell risikovurdering og regulering av kjemikalie blir kvart stoff vurdert for seg og ikkje samla. Den nye brosjyren "Chemicals cocktails – a serious matter of concern" ser på korleis ein kan byrje å regulere cocktaileffekten i analysar av mogelege helse- og miljøeffektar.

Anbefalingane er basert på ein konferanse Nordisk ministerråd arrangerte hausten 2010.

Tema