Auka kunnskapar om kjemiske stoff i avløpsslam

I ein ny rapport frå Klif er det samanstilt data om kjemiske stoff som er målt i norsk avløpsslam. Slam er ein verdifull ressurs for norske bønder og blir brukte til jordforbetring. Rapporten er viktig for å vurdere mogelege miljøproblemstillingar ved bruk av avløpsslam.

Jordforbetring: Norske bønder bruker store mengder avløpsslam kvart år. Foto: Flickr, Yoshimai, Some rights reserved.

Innhaldet i rapporten

  • På basis av innsamla data er det føreteke ei samordna vurdering av mogeleg miljørisiko av dei målte stoffa i avløpsslam for jordøkosystemet.
  • Det er berekna risiko for jordøkosystemet når avløpsslam blir nytta som gjødselvare i landbruket.
  • Det er også berekna mogeleg risiko for predatorar (for eksempel fuglar) som et meitemakk frå landbruksjord som har fått tilført avløpsslam.
  • Rapporten tek for seg verknaden av mogeleg samverknad mellom alle stoffa som er påvist i norsk avløpsslam.
Norske reinseanlegg produserer årleg ca. 120 000 tonn avløpsslam, og mykje av dette blir brukt til jordforbetring. Den største brukargruppa er norske bønder, som bruker ca. 65 000 tonn på jordene kvart år.

Mange kjemiske stoff følgjer med kloakk og andre avløp. Det ferdige avløpsslamet kan derfor innehalde restar av blant anna tungmetall og forbrukarkjemikal.

Meir kunnskap om mogelege effektar

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har samanstilt tilgjengeleg informasjon om 45 ulike kjemikal som er påviste i norsk avløpsslam. Det er viktig med overvaking, kontroll og tiltak, for å minimere sannsynlegheten for miljøkonsekvensar ved dagens disponering.

Klif har derfor lagt vekt på å skaffe seg meir kunnskap om dei mogelege effektane ved bruk av avløpsslam.

– Bruken av avløpsslam er regulert av gjødselvareforskrifta, som blant anna setter grensar for kor mykje tungmetall slamet kan innehalde. Klif sin rapport indikerer at vi bør kontrollere innhaldet også av somme andre stoff, som ikkje er regulerte i dagens forskrift. Vi vil derfor utgreie om det er forhold ved dagens bruk av avløpsslam som kan forbetrast, slik at mogeleg risiko ved avløpsslam kan reduserast ytterlegare, seier Ellen Hambro, direktør for Klif.

Vidare arbeid

Kvaliteten på avløpsslam kan forbetrast ved å bruke oppdatert kunnskap, ta i bruk betre miljøteknologi, og ved strengare regulering av miljøskadelege stoff som er i bruk i samfunnet.

Rapporten er eit fagleg grunnlag for å vurdere mogelege miljøproblemstillingar ved norsk avløpsslam slik det blir disponert i dag. Rapporten har ikkje vurdert effektar på det ytre miljø ved dagens praksis.
 
– Rapporten gir også eit innblikk i korleis risikoen for samverknad mellom miljøskadelege stoff, den såkalla cocktaileffekten, kan bereknast. Dette er ei problemstilling det er viktig å arbeide vidare med, seier Ellen Hambro.

Klif har gjennomgått rundt 5000 enkeltmålingar av dei 45 ulike kjemiske stoffa som er omfatta av undersøkinga. På basis av målingane er det berekna konsentrasjonar av stoffa, og totale årlege mengder som kan bli tilført slam.

Det er gjort ei ny vurdering av mogeleg miljørisiko ved bruk av dei målte stoffa i avløpsslam for jordøkosystemet.

Relaterte lenker

Tema