Rettleiar om klimatiltak i avløpsanlegg

Klif sin rettleiar om mogelege klimatiltak i avløpsanlegg gjev råd til anleggseigarar som skal velje strategi for å innfri forventa effektar av auka nedbør på avløpsanlegg

Forureiningsforskrifta føreset at anlegg for kommunalt avløpsvatn skal vere funksjonelle under alle klimatiske forhold. Klimaprognosene viser at forurensningsutslippene fra avløpsanlegg vil øke, dersom ikke kompenserende tiltak blir sette i verk.

Mogelege tiltak i avløpsanlegg

Klif har publisert ein rettleiar om mogelege tiltak i avløpsanlegg. Rettleiaren blir innleidd med korleis auka nedbørmengder kan føre til forureiningsutslepp frå avløpsanlegg og fleire flaumskadar.
Rettleiaren gir deretter ei praktisk oversikt over tilgjengelege hjelpemiddel og tiltaksalternativ.

Råd til anleggseigarar

Oversikta er fyrst og fremst meint som råd til anleggseigarar som skal velje strategi for å innfri dei forventa effektane av auka nedbør på avløpsanlegg.
Klif oppmodar til at klimatilpassingar blir integrerte i kommunal avløpsplanlegging allereie no.

Tema