Vil ha tilbake statleg utlegg frå grunneigar i Elverum

SFT krev 3,5 millionar kroner i refusjon frå ein grunneigar for delar av utgiftene til opprydding av forureining i grunnen på ein eigedom i Elverum. På eigedommen blei det i mange år drive treimpregnering.

Elverum Treimpregnering:

  • På eigedommen til Elverum Treimpregnering pågjekk det fram til 1982 impregneringsverksemd. Dette førte til at eigedommen blei sterkt forureina av kreosot. 
  • Hausten og vintaren 2005/2006 fekk SFT rydda opp i forureining i grunnen. Det meste av eigedommen er nå heilt rein. På eit mindre område ligg det igjen noko lett forureina masse under eit minst 1 meter tjukt lag med reine masser. 
  • Frå eit forureiningsmessig synspunkt er den heilt reine delen av eigedommen eigna for alle typar arealbruk. SFT vurderer at også området med dei lett forureina massene med mindre tilpasningar vil vere eigna til alle typar arealbruk.
Hausten 2005 og vintaren 2006 fekk SFT rydda eigedommen til tidlegare Elverum Treimpregnering. Området var så forureina av kreosot at det hasta med tiltak. SFT iverksette derfor umiddelbart arbeidet med å få rydda opp. Oppryddinga og undersøkingane i forkant kosta til saman cirka 15 millionar kroner.

Refusjon for utgifter

SFT krev refusjon for delar av oppryddingskostnadene. Kravet er fremsett overfor grunneigar, fordi impregneringsverksemda som dreiv på tomta ikkje lenger eksisterer og grunneigar har eit ansvar for forureining på eiga tomt.

SFT finn det rimeleg at refusjonsbeløpet tek utgangspunkt i verdien av tomta i opprydda stand. SFT legg til grunn at 3,5 millionar kroner ikkje overstig verdien av tomta slik ho framstår i dag.

Betydeleg auke i verdien av eigedommen

Før oppryddinga var eigedommen så forureina at han ikkje kunne nyttast til noko. Etter oppryddinga er eigedommen eigna for alle typar arealbruk, og verdien på eigedommen har auka betydeleg.

Revidert takst

Basert på to uavhengige takstar, varsla SFT i april 2007 eit krav om å få refundert 9 millionar kroner frå grunneigaren. Men ingen av takstmennene hadde avdekka at ein i følgje reguleringsplanen ikkje kan byggje på eigedommen før ny hovedatkomst frå riksveg 3 og inn til området er etablert.

Basert på reviderte takstar er SFTs krav derfor endra frå 9 millionar til 3,5 millionar kroner.

Tema