SFT-partnar vann russisk miljøpris

Teknisk-naturvitenskapeleg foreining (Tekna), som administrerer eit program for reinare produksjon for Miljøverndepartementet og SFT, fekk nyleg ein heiderspris av den russiske nasjonalforsamlinga.

Prisen - The National Ecological Award - er den høgste prisen Russland kan dele ut til verksemder som utviklar og introduserer miljøvenlege, energieffektive og ressurssparande teknologi. Prisen har blitt delt ut sidan 2003.

Tekna fekk prisen saman med "Reinare Produksjon"-senteret i Moskva, som blei oppretta med støtte frå Miljøverndepartementet i 1994.

Reinare produksjon i Russland

Programmet "Reinare Produksjon"' blei ein del av porteføljen til den norsk-russiske miljøvernkommisjonen frå 1994. Denne aktiviteten blir kvart år tildelt mest ressursar innanfor det norsk-russiske miljøvernsamarbeidet. Programmet introduserer mellom anna metodar for miljø- og energieffektivisering i russiske industriverksemder gjennom kurs for russiske ingeniørar.

Sidan oppstarten i 1994 er meir enn 500 verksemder og 1800 ingeniørar i Nordvest-Russland opplært gjennom dette programmet. SFT er fagmyndigheit og ansvarleg for programmet.


Reinare produksjon: Representantar frå Tekna og det russiske "Reinare produksjon"-senteret mottok nyleg miljøprisen "The National Ecological Award" frå den russiske nasjonalforsamlinga.

Tema