Meir tungmetall frå Nikel til Noreg

Tilførsla av tungmetall til Aust-Finnmark frå det russiske smelteverket i Nikel har auka kraftig dei siste åra, særleg i sommarhalvåret. Målingar frå norsk side av grensa viser at nedfallet av kopar, nikkel og arsen i sommarhalvåret er fire til sju gongar høgare i perioden 2004-2007 enn i dei føregåande 15 åra. Samtidig har luftkvaliteten på norsk side av grensa blitt betre som følgje av lågare svovelutslepp.

Dette går fram av SFT si laupande overvaking av luft- og nedbørskvalitet for området langs den norsk-russiske grensa. Overvakinga starta i 1989, og det er Norsk institutt for luftforskning (NILU) som står for ho. Den siste rapporten dekkjer perioden frå april 2006 og til mars 2007.

Lyspunktet er at forureininga frå svovel, som fører til sur nedbør og skadar på vegetasjon, gradvis minskar. Trass reduksjonen er svovelutsleppa frå nikkelverket fire-fem gongar høgare enn dei samla utsleppa av svovel frå Noreg. Samtidig aukar belastninga frå helse- og miljøskadelege tungmetall.

Miljøsamarbeid med Russland

Fylkesmannen og Pasvikprogramet

  • Som ein del av norske miljøvernmyndigheiters innsats i regionen, deltek Fylkesmannen i Finnmark i eit internasjonalt samarbeid kalla Pasvikprogrammet saman med myndigheiter i Finland og Russland.
  • Programmet skal overvake, vurdere og bidra til å redusere spreiinga av tungmetall og andre miljøgifter i regionen.
  • SFT sine overvakningsdata er ein del av kunnskapsgrunnlaget for Pasvikprogrammet.
Norske miljøvernmyndigheter har hatt eit langvarig og breidt samarbeid med Russland. Ein viktig del av dette samarbeidet har retta seg mot nikkelindustrien frå verksemder nær grensa til Noreg.

I avtaler frå 2001 har Noreg stilt inntil 270 millionar kroner til rådighet til modernisering av verksemda. Føresetnaden for støtta er at utsleppa av svoveldioksid og støv med tungmetall blir redusert med 90 prosent i forhold til utsleppa i 1999, og at miljømåla vil bli nådd i laupet av 2010. Så langt har ikkje russarane komme i gong med nokon omfattande modernisering, og dialogen mellom Noreg og Russland om støtta pågår.

Hovudårsaka til at svovelutsleppa frå Nikel likevel er redusert, er at smelteverket i Nikel på 1990-tallet gjekk over til å bruke malm med betydelig lågare svovelinnhald enn tidlegare. Sidan 1999 er det også gjennomført fleire mindre utbetringstiltak slik at utsleppa nå er i overkant av 100.000 tonn per år, mot cirka 150.000 tonn i 1999.

Kosthaldsråd for reinkjøtt

Mattilsynet råda i august i år personar med særleg stort konsum av kjøtt frå rein som har beita i Svanvik og Jarfjord-området, om å begrense inntaket til to måltid per veke. Dette kosthaldsrådet er basert på innholdet av miljøgiftene dioksiner og PCB i kjøttet.

Mattilsynet vil delta i det vidare arbeidet i Pasvikprogrammet for å kunne vurdere om aukinga av tungmetall kan ha konsekvensar for helse gjennom konsum av mat. Ifølgje Mattilsynet har folk i området eit generelt sunt kosthald, men det er viktig å følgje utviklinga og styrke kunnskapsgrunnlaget for å unngå miljø- og helseeffektar som kan oppstå over tid.

Vil styrke kunnskapsgrunnlaget

Sist veke møtte miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Finnmark, Mattilsynet og Senter for samisk helseforsking sine kollegar i Finland. I møtet vart det einigheit om behovet for å videreføre Pasvikprogrammet og styrke kunnskapen om helse- og miljøeffektar.

SFT si miljøovervaking for grenseområda vil også bli vidareført.

Tema