Kontrollerer bygge- og anleggsbransjen

Tilsynspersonell frå SFT og Fylkesmannen gjennomfører nå ein landsomfattande kontroll av bygge- og anleggsbransjen. Aksjonen rettar seg i første rekke mot korleis bransjen nyttar ulike kjemikalie og mot handteringa av farleg avfall.

Kontroller bygg og anlegg:

  • Fylkesmannen si miljøvernavdeling gjennomfører inspeksjonar på utvalte byggeplassar hausten 2007.
  • SFT gjennomfører eit revisjonsliknande tilsyn mot heile byggeprosjekt med utgangspunkt i byggherreorganisasjonen.
  • I følgje substitusjonsplikta (produktkontrolloven §3a) skal verksemder som nyttar produkt med innhald av kjemiske stoff som kan medføre helseskade eller miljøforstyrring, vurdere om det finst alternativ som fører med seg mindre risiko. Verksemdene skal i så fall velje dette alternativet, om det kan skje utan urimeleg kostnad eller ulempe.
Hovudtema for kontrollane av bygge- og anleggsbransjen i haust er kjemikaliebruk og substitusjon, det vil seie å vurdere om det finst alternativ som fører med seg mindre risiko. I tillegg vil handtering av farleg avfall frå byggeprosessar og handtering av forureina grunn vere tema ved kontrollane.

For lite opptatt av miljø

Bygge- og anleggsbransjen i Noreg er omfattande. Det er viktig at verksemdene følgjer opp regelverket på miljøområdet.

- Frå tidlegare kontrollar har vi erfart at bransjen fokuserer for lite på miljø. SFT samarbeidar derfor med bransjeorganisasjonane for å heve kompetansen og etterlevinga av regelverket på miljøområdet, seier direktør Marit Kjeldby i SFT si miljøoppfølgingsavdeling.

Strenge reaksjonar frå myndigheitene

Verksemdene som SFT og Fylkesmannen kontrollerer, kan vente seg strenge reaksjoner frå myndigheitene om dei oppdagar alvorlege regelbrudd under den pågåande kontrollaksjonen. Aktuelle funn som vil bli vurdert for melding til politiet er bruk av produkt som inneheld forbodne stoff, og alvorlege brot på avfallsregelverket, som mangelfull handtering av PCB-haldige produkt og anna farleg avfall.

Tema