Kontrollaksjon mot anlegg som tek imot oljeavfall

SFT og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) skal i 2008 gjennomføre ein felles tilsynsaksjon mot anlegg som handterer farleg avfall frå oljeindustrien.

Dei siste åra har tilsyn med denne bransjen avdekka ein del brot på regelverket for internkontroll og mangelfull reinsing av utslepp til vatn. Eksplosjonen i tankanlegget til verksemda Vest Tank i mai 2007 er også ei årsak til at SFT og DSB vil samarbeide tettare og styrke kontrollane av denne bransjen.

Omfattande kontrollar

Under kontrollane vil heile avfallsstraumen frå mottak til slutthandsaming bli gjennomgått. Myndigheitene skal både kontrollere systema for helse, miljø og tryggleik i verksemdene og dokumentasjon på den fysiske tilstanden til anlegga.

Ein vil ta stikkprøver for å kontrollere at drifta er sikker, at reinseprosessane fungerer og at verksemda i dei ulike verksemdene er i tråd med krava i løyva dei har.

Styrkar tilsynet

SFT og DSB har ulike ansvarsområde i forhold til denne bransjen. Mens SFT sitt hovudansvar er å setje grenser for kva verksemdene kan sleppe ut til det ytre miljø, har DSB ansvaret for brann- og eksplosjonsvern.

- I tilsynet med denne bransjen har vi forskjellig kompetanse, og eit tettare samarbeid gir betre kontrollar og betre utnytting av ressursane, seier seksjonssjef Bjørn Bjørnstad i SFT og avdelingsdirektør Torill Tandberg i DSB.

Verksemda sitt ansvar

Internkontrollforskrifta krev at verksemdene blant anna arbeidar systematisk med risikovurderingar, vedlikehald og kompetanse. Myndigheitene føreset derfor at verksemdene rettar seg etter krava i løyva dei har, men når tilsyn avdekkjer manglar, vil myndigheitene skjerpe kontrollverksemda og reagere strengt på alvorlege manglar.

Baserer tilsyn på risikovurderingar

Tilsynsmyndigheitene prioriterer kontrollane ut frå den risikoen den enkelte verksemd eller ein bransje som heilskap representerer, og DSB, SFT, og andre HMS-etatar er samde om å sjå spesielt på risikovurderingane til verksemdene i 2008.

Tema