Treng raskare fornying av avløpsnettet

Avløpsnettet fornyast med 0,5 prosent kvart år. Med denne utskiftingstakta vil leidningsnettet liggje i nesten 200 år før det skiftast ut.

Fornyingstakta kjem frem i årets Kostra-rapportering (Kommune-stat-rapportering) som Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserte i dag.

Konsekvensar

Dårleg avløpsnett kan føre til uønska lekkasje til grunnen, utslepp frå overløp og kjelleroversvømmingar. Tilføring av fremmedvatn til reinseanlegga kan gje auja reinsekostnader og auka utslepp frå anlegga. Klimaendringar med kraftigare nedbør vil også auke behovet for oppgradering av leidningsnettet.

SFT meiner at norske kommunar bør vurdere eiget behov for ei hurtigare oppgradering enn i dag. Betre materiell og utføring gjer at det i dag kan byggjast leidningsnett med lang levetid.

Kan finansierast

Miljøverndepartementet har i dei nye avløpsbestemmingane som trådte i kraft frå 1. januar 2007, fastsett at kommunane skal nytte moderne og kjente metodar for planlegging og rehabilitering av leidningsnettet. På den måten vil ressursane kunne settast inn på dei riktige stadene. Hovudmålet er å sikre at avløpsnettet er funksjonelt til einkvar tid, slik at kommande generasjonar ikkje blir påført store vedlikehalds- og oppgraderingskostnader. Kommunane kan dekkje alle kostnadene til dette via avløpsgebyra.

Tema