Informasjon om handtering av avfall

SFT har laga nye informasjonsark til hjelp for aktørane i avfallsbransjen.

Seks informasjonsark om dei nye krava til karakterisering og mottak av avfall i tråd med kapittel 9 i avfallsforskrifta er nå utarbeida av SFT. Du kan laste ned arka ved å klike på lenkene til høgre. 

Informasjonsarka er direkte retta mot aktørane i avfallsbransjen og skal vere ei hjelp til å forstå pliktane dei har.

Følgjende informasjonsark er nye:

  • om generelle plikter for avfallsprodusentar
  • krav til testing
  • plikter for deponiansvarlege
  • tre informasjonsark som utdjupar mottakskriteria for dei ulike deponikategoriane

Tema