Rettleiar for nytt avløpsregelverk

Det nye avløpsregelverket i ureiningsforskrifta tredde i kraft 1. januar 2007. Kommentarane til dei nye bestemmingane, retningslinjer til Fylkesmannen og ny forvaltningsrettleiar til kommunane er nå tilgjengelege.

Nytt avløpsregelverk

  • Omfattar alle utslepp av sanitært og kommunalt avløpsvatn og skal gje ei heilskapleg og meir effektiv regulering av avløpsutslepp.
  • Inneber endringar for avløpsarbeidet til både Fylkesmannen og kommunane.
  • Er heimla i ureiningslova og tredde i kraft 1. januar 2007. Det er ulike tidsfristar for gjennomføring av dei forskjellige krava.
Dei oppdaterte kommentarane til dei enkelte bestemmingane om avløp i ureiningsforskrifta, kapittel 11 til 16, gjev ei nærmare forklaring av forskriftsteksta.

Retningslinjer til Fylkesmannen

SFT har utarbeida nye retningslinjer som gjev føringar for Fylkesmannen sitt arbeid på avløpsområdet. Retningslinjene inkluderer prioriteringar for sakshandsaminga av avløpsanlegg omfatta av ureiningsforskrifta kapittel 14 samt informasjon og rettleiing til kommunane.

Forvaltningsrettleiar til kommunane

SFT har vidare utarbeida ein ny forvaltningsrettleiar til kommunane, som gjer rede for innhaldet i avløpsregelverket i ureiningsforskrifta. Rettleiaren omhandlar korleis kommunen skal utøve myndigheit, med fokus på roller, handsaming av søknad om utsleppsløyve, tilsyn med løyver og pålegg, klagesakshandsaming og rapportering. Han inneheld også forslag til utforming av søknadsskjema for utslepp av sanitært avløpsvatn frå separate avløpsanlegg. Forslag til søknadsskjema er vedlagt forvaltningsrettleiaren, men kan også lastast ned i Word-format.

Tema