Fornya satsing mot støy

Åtte statlege etatar tilrår at eit nytt nasjonalt støymål strekk seg fram mot 2020. Direktoratsgruppa tilrår eit todelt nasjonalt mål: Eit mål retta mot den generelle støyplaga i Noreg slik vi har i dag, og eit anna mål retta mot dei som er utsett for dei høgaste støynivåa.

Rapport om satsing mot støy

  • Rapporten er utarbeida av ei direktoratsgruppe der Avinor/Oslo Lufthavn Gardermoen, Forsvarsbygg, Jernbaneverket, Luftfartstilsynet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Sosial- og Helsedirektoratet, Statens forureiningstilsyn og Vegdirektoratet har deltatt. Oslo kommune har også deltatt i arbeidet.
  • Rapporten tar for seg: Evaluering av det nasjonale målet for støy, utarbeiding av handlingsplan mot støy, vurdering av ambisjonsnivået i forureiningsforskrifta kapittel 5 om støy.
Direktoratsgruppa har utarbeida rapporten som eit grunnlag for regjeringa si satsing mot støy. Dei åtte statlege etatane tilrår å skjerpe ambisjonsnivået i forureiningsforskrifta kapittel 5 om innomhus tiltaksgrense mot støy.

Handlingsplan mot støy

Gruppa har også utarbeida forslag til innhald i handlingsplan mot støy for ulike kilder. Planen er fokusert mot styrking av kunnskapsnivået og utvikling av virkemiddel for å få eit betre grunnlag for støysatsinga framover, samt virkemiddel og tiltak som ein vurderer som aktuelle ut frå situasjonen i dag.

Departementsgruppe skal vurdere tilrådingane

Ei gruppe med representantar frå Helse- og omsorgsdepartementet, Miljøverndepartementet og Samferdselsdepartementet skal på grunnlag av tilrådingane i rapporten, vurdere videre oppfølging i samband med ny satsing mot støy.

Tema