Status for utslepp frå oljeverksemda

SFT har vurdert nullutsleppsrapporteringa oljeselskapa har gitt for 2003. - Etter SFTs vurdering kjem den planlagte minimeringa av miljøfarlege utslepp stort sett til å vere i tråd med nullutsleppsmålet for dei fleste stoffa, seier SFT-direktør Håvard Holm.

Utsleppa av miljøfarlege stoff offshore er relativt låge, vel 1 prosent av dei nasjonale. Innan utgangen av 2005 skal petroleumsindustrien ha sett iverk ei rekkje tiltak for å få til ytterlegare reduksjon av utsleppa av olje og miljøfarlege kjemiske stoff på norsk sokkel. Dersom selskapa følgjer sine planar, vil utsleppa av prioriterte miljøfarlege stoff i dei fleste tilfelle bli reduserte med 80 prosent eller meir.

Ikkje nok

Mengda produsert vatn vil auke med om lag 30 prosent frå 2002 til 2006. Dersom planlagte reinsetiltak blir gjennomførte vil utsleppa av miljøgiftene PAH og alkylfenoler likevel bli redusert med 42 prosent frå 2000 til 2006. Dette meiner SFT er eit vesentleg steg på vegen mot nullutsleppsmålet, men vår vurdering er at det ikkje er nok til å nå målet fullt ut innan 2005.

Produsert vatn: Historiske og prognoserte mengder produsert vatn og utslepp på norsk sokkel 1990-2030. Kjelde: Oljedirektoratet.


Produsert vatn

Dei største kjemikalieutsleppa oppstår i samband med produksjon. Saman med olje som blir produsert følgjer det alltid vatn. Mengden produsert vatn aukar etter kvart som felta blir eldre. Det produserte vatnet blir skilt frå oljen, og etter reinsing blir det som oftast sleppt ut i sjøen. Med vatnet følgjer det restar av olje og kjemikalier, både kjemiske stoff som finnast naturleg i grunnen og kjemikalier som er tilsett i prosessen.

Restutsleppet av prioriterte miljøfarlege stoff vil i følgje selskapa vere omlag 2,2 tonn PAH, 7,3 tonn tungmetall (bly og kopar) og 110 kilo oktyl- og nonylfenoler i 2006. Nye reinseteknologiar er under utvikling og utprøving, og SFT meiner det er mogeleg å nå lenger etter 2005.

Kjemikalier nødvendig

Det er i dag umogeleg å drive effektiv olje- og gassverksemd utan bruk og utslepp av ulike typar kjemikalier. Nokre av desse gir ingen miljøskade. Når det gjeld miljøgifter er det tre hovudkjelder til utslepp: Miljøfarlege kjemikalier som blir tilsette i prosessane, miljøfarlege stoff som er forureiningar i kjemikalia og miljøfarlege stoff som naturleg finnast i produsert vatn. For nokre tilsette miljøfarlege kjemikalier finnast det ikkje mindre miljøfarlege alternativ, det gjeld m.a. gjengefett. Alternativet til bruk av kjemikalier vil vere stogg i verksemda.

Miljøfarlege stoff: Utviklinga av dei totale utslippa av miljøfarlege stoff(prioritetslista) på norsk sokkel, med implementerte og planlagte nullutsleppstiltak


Nullutslepp

Nemninga nullutslepp blei lansert alt i 1996 i samband med stortingsmelding nr. 58 (1996-97). Nullutslepp skal ikkje tolkast bokstaveleg, fordi det er akseptabelt med minimering av utsleppa i nokre høve. I april i år presiserte regjeringa nullutsleppsmålet i stortingsmelding nr. 25, (2002-2003) om regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, og sa mellom anna at målet gjeld alle innretningar og alle aktivitetar offshore. Målet om nullutslepp gjeld straks for nye utbyggingar, og skal nåast innan utgangen av 2005 for eksisterande felt.

Nordområda

Sidan området Lofoten-Barentshavet er spesielt miljøsårbart har styresmaktene sett som føresetnad at det skal vere null utslepp av produsert vatn, borevæske og borekaks.

Føre-var

Dersom ein ser vekk frå dei få felta som framleis har eit vesentleg innhald av tungmetall i det produserte vatnet, vil oljerelaterte miljøgifter som PAH og alkylfenoler vere det største miljøproblemet i utsleppa offshore. Resultat frå Havforskningsinstituttet viser at PAH og alkylfenoler kan skade fisk. Dette viser at eit føre-var basert nullutsleppsmål var nødvendig

Vidare oppfølging

Måloppnåinga så langt i nullutsleppsarbeidet er resultatet av eit godt samarbeid mellom oljeselskapa og styresmaktene. Dette samarbeidet ynskjer SFT skal halde fram. På dei fleste område vil det vere mogeleg å nå lengre dersom selskapa får meir tid. Arbeidet bør difor halde fram også etter 2005. SFT vil i 2004 kreve konkrete og forpliktande framdriftsplanar for vidareføring av nullutslepssarbeidet. På bakgrunn av det vil vi vurdere kva andre verkemiddel som eventuelt skal takast i bruk for å sikre at målet blir nådd.

Teknologiutvikling

Sjølv om ein vil ha kome svært langt i å minimere utsleppa i 2006, vil det framleis foregå nokre miljøfarlege utslepp. Det gjeld spesielt på eldre oljeinnretningar. Nye innretningar blir i aukande grad bygt for nullutslepp.

Relaterte lenker

Tema