Positiv trend i Nordøst-Atlanteren

Forskarar har funne søkkande konsentrasjonar av miljøgifter i muslingar i Nordøst-Atlanteren. Utviklinga for fisk i området er førebels ikkje like tydeleg.

Dette viser ei samanstilling av data som forskarar ved Norsk institutt for vassforsking (NIVA) har gjort på oppdrag for Det europeiske miljøbyrået (EEA). Rapporten viser også positive teikn for Middelhavet, mens utviklinga i Austersjøen er mindre klar.

Reduserte utslepp

Resultata kan hengje saman med at direkte utslepp og elvetilførsler av miljøgiftene kadmium, kvikksølv, bly, lindan og PCB til Nordøst-Atlanteren blei redusert frå 1990 til 1999. Også atmosfæriske tilførsler av kadmium, kvikksølv og bly blei reduserte i perioden 1987 til 1995.

Samarbeider i internasjonale fora

Noreg og andre land som påverkar forholda i dette havområdet, samarbeider i fleire internasjonale fora med å redusere utsleppa av desse miljøgiftene ytterlegare. Under Langtransportkonvensjonen for grenseoverskridande forureining (FN ECE) er det utarbeidt ein tungmetallprotokoll som vil tre i kraft 23. desember 2003. Miljøgiftene er også omfatta av ei rekkje tiltak for å redusere og stanse utslepp i EU og OSPAR-konvensjonen som er oppretta for vern av Nordøst-Atlanteren.

Nedgang også i Noreg

I Noreg vert datainnsamlinga følgd opp innan OSPAR-konvensjonens overvakingsprogram på miljøgifter langs norskekysten og i elvetilførselsprogrammet. Med nokre unnatak viser dei norske langtidsmålingane i blåskjell og fiskearter jevnt over lave nivåar og i nokre høve ein nedadgåande trend. Når det gjeld tilføring frå elvar, ser vi også der at tala går ned. 

Tilføringa av kadmium, kvikksølv, bly, og PCB var, med unnatak for kvikksølv, mykje lågare i 1999 enn dei var i 1990. Tilføringa av kvikksølv er generelt svært lav, og i mange tilfelle er konsentrasjonane i elvane mindre enn det ein klarer å måle.

Behov for meir overvaking

Resultata visar og at det er behov for ytterlegare overvaking og fleire stasjoner for prøvetaking i heile Europa for å fylle att hola i basiskunnskapen for fleire marine organismar.

 Målestasjonar: Stasjonar i Europa som måler innhaldet av miljøgifter i blåskjel. Kart: EEA.

 

Relaterte lenker

Tema