Frå 14 til ei kjemikalieforskrift

SFT er godt igang med å forenkle forskrifter. Ein gjennomgang av 14 forskrifter som gjeld helse- og miljøfarlege kjemikalier, har resultert i at desse er blitt samordna i ei forskrift. Høyringsfristen er 1. oktober 2002.

SFT har i tillegg fått i oppdrag frå Miljøverndepartementet å redusere regelverket som gjeld forureining til eit minimum innan utgangen av 2003.

Forenkling er viktig

- Å få til enklare regelverk har høg prioritet hos oss, seier SFT-direktør Håvard Holm. - Me arbeider på fleire område for å forenkle, slik at det skal bli lettare for verksemder og privatpersonar å finne ut kva som er lov og ikkje. Det er ikkje mogeleg å forenkle alle forskrifter. Eit anna tiltak me jobbar med er å gjere det lettare for ulike bransjar i næringslivet å finne fram i regelverket som gjeld spesielt for dei, seier Holm.

Helse- og miljøfarlege kjemikalier

Forskriftene som denne gongen er gjennomgått, gjeld helse- og miljøfarlege kjemikalier. Forskriftene er frå 1985 og fram til 2001. Dei gjeld regulering av ei rekkje farlege stoff som PCB, kvikksølv og bly, i tillegg til produkt som kan innehalde farlege kjemikalier.

Andre reglar

I utkastet til ny forskrift er det også forslag om å endre reglane om TBT i tråd med IMO-vedtak, og det er laga forslag til gjennomføring av direktiv om kreosot og heksakloretan. Utkastet inkluderar også føreslåtte endringar i eksisterande tekstilforskrift. Desse endringane har vore på høyring, men er ikkje vedtatt.

Relaterte lenker

Tema