Forureininga frå Europa på veg ned

Tungmetall som kjem med lufta frå andre land i Europa er ei stor forureiningskjelde i Noreg, men denne forureininga er på veg ned. Nedgangen har vore særleg stor for bly, som på Sørlandet er redusert med over 90 prosent på 25 år. Årsaka er redusert bruk av blyhaldig bensin.

Resultata kjem fram i rapporten "Atmosfærisk nedfall av tungmetaller i Norge: Landsomfattende undersøkelse i 2000", basert på prøver av mose innsamla frå 464 stader over heile landet sommaren 2000. Tilsvarande landsomfattande undersøkingar i SFTs 'Statlig program for forurensningsovervåking' er tidlegare blitt gjennomført i 1977, 1985, 1990 og 1995. Analyseprogrammet omfattar ti metall: Arsen, kadmium, krom, kopar, jern, kvikksølv, nikkel, bly, sink og vanadium.

Mindre blyhaldig bensin i Europa gir mindre bly i Noreg

Hovedårsaka til at det kjem mindre bly med lufta til Noreg, er mindre bruk av blyhaldig bensin i Europa. Mindre tilførsel av andre metall skuldast innføring av reinsetiltak i mange land, overgang til mindre forureinande energiberarar og endringar i industrien i Aust-Europa.

Nedgangen over tid har vore spesielt stor for bly. Nedfallet på Sørlandet er no mindre enn 10 prosent av kva det var ved den første landsomfattande undersøkinga i 1977.  I 1995 såg det ut til at nedgangen for dei fleste metalla hadde stagnert, men denne nye undersøkinga viser framleis reduksjon i tilførsel.

Bly i planter og dyr

Tilførsel av metall med langtransportert luftforureining til dei sørlegaste delane av Noreg fører til auka metallinnhold i planter og planteetande dyr. Dette er særleg tydelig for bly. Konsentrasjonane av bly frå langtransportert luftforureining er låge samanlikna med blyforureining frå blyhagl, og er langt under dei nivåa som gir direkte skadlege effektar.

Undersøkingar har vist at jordsmonnet i dei sørlegaste landsdelane er forureina av langtransportert tungmetall. Mengda av bly i overflatejord i Noreg er estimert til 100 000 - 150 000 tonn, mesteparten av dette er truleg tilført ved langtransport.

Norske utslepp betyr relativt sett meir

Undersøkinga er først og fremst ei kartlegging av det langtransporterte nedfallet, men fleire stader blir det registrert stadig nedfall frå lokale norske kjelder. Sidan det langtransporterte bidraget har minka, spelar utslepp frå einskildkjelder i Noreg relativt sett ei større rolle for det totale nedfallet av fleire tungmetall enn tidlegare.

Miljøtilstanden rundt 15 store norske industriverksemder blei undersøkt i 2000 parallelt med den landsomfattande overvakinga.

Utsleppa må endå meir ned

Undersøkinga av atmosfærisk nedfall av tungmetall i Noreg er utført samstundes med tilsvarande undersøkingar i andre land i Nord-Europa. Resultata viser at det skjer transport av metall over landegrensene via atmosfæren, og målet er å redusere utsleppa av metall og belastninga på miljøet.

Relaterte lenker

Tema