Kosthaldsråd for skjell frå fire nord-norske hamner

Prøver tatt av sjøbotn, skaldyr, tang og fisk i hamneområda i Harstad, Tromsø, Hammerfest og Honningsvåg viser høge verdiar av miljøgifter. Også tidlegare er det påvist miljøgifter i dei same områda.

Etter denne siste omfattande undersøkinga frårår Mattilsynet folk å ete skjell frå dei fire aktuelle hamnene. Sidan miljøtilstanden er dårlegast i Harstad hamn, vil Klima- og forureiningsdirektoratet prioritere denne hamna og ta initiativ til eit samarbeid med fylket, kommunen og skipsverftsnæringa i byen.

- Først må vi få stogga utlekking frå kjeldene på land og deretter lage ein plan for oppryddingstiltak, seier SFT-direktør Håvard Holm.

I Norge er det mange fjordar og hamner som er sterkt forureina og der det difor er kosthaldsråd. Dei siste åra har SFT prioritert å undersøkje dei områda me har grunn til å tru er mest forureina. Det vil koste mange milliardar kroner å rydde opp, og det er nødvendig at SFT ser alle områda under eitt og prioriterar kvar innsatsen skal leggjast i åra framover. 

- Det er lite vits i å bruke fleire hundre millionar kroner på å rydde opp i ei hamn, dersom det i etterkant viser seg at det framles lekk miljøgifter frå kjelder me ikkje visste om, seier Holm.

Når me veit kvar forureininga kjem ifrå, kan me vurdere kva som kan gjerast med problema. - SFT skal i løpet av hausten leggje fram ei liste over dei stadane SFT vil prioritere i det vidare arbeidet, seier SFT-direktøren. 

Tidlegare undersøking

Bakgrunnen for denne siste undersøkinga er at det i 1994 blei gjennomført sonderande miljøundersøkingar i fleire hamner i Troms og Finnmark som viste høge konsentrasjonar av miljøgifter i botnslam og blåskjell Det blei funne høge verdiar av miljøgiftene PCB, PAH, og TBT, i tillegg til tungmetalla kvikksølv, bly, kadmium og kopar. Undersøkinga i 1994 bygde på eit fåtal prøver, og det var nødvendig med ei meir omfattande kartlegging for å få betre oversikt over miljøtilstanden og innhaldet av miljøgifter i fisk og skalldyr. 

Denne nyaste undersøkinga har SFT i samarbeid med SNT finansiert mesteparten av, i tillegg til at Fylkesmannen i Troms, Fylkesmannen i Finnmark, og kommunane Harstad, Tromsø, Hammerfest og Nordkapp har vore med. Undersøkinga er utført av Akvaplan-NIVA.

Tema