Lofotveggen

Ikkje tilrådeleg med oljeutvinning

Konsekvensane for miljøet ved eit oljeutslepp er så store at det ikkje er tilrådeleg med petroleumsaktivitet utanfor Lofoten, Vesterålen, Senja og nær Helgelandkysten, meiner Direktoratet for naturforvaltning (DN).

Rådet frå direktoratet kjem i høyringa om 20 fagstudiar som Olje- og energidepartementet har lagt fram. Dei 20 rapportane inneheld ny kunnskap om kva for verknadar petroleumsaktivitet nordaust i Norskehavet kan få.

– Vi meiner rapportane forsterkar kunnskapen vi har om at oljeutslepp i desse områda vil ha svært negative konsekvensar for miljøet. Det er stor fare for at eit utslepp vil råke sårbare grupper av artar som sjøfugl og fisk. Områda vi snakkar om er særs viktige for torsk og sild som er nøkkelartar i det heilskaplege økosystemet, seier DN-direktør Janne Sollie.

– Høg risiko

I ei samanstilling av rapportane vert det konkludert med at miljørisikoen i analyseområdet er gjennomgåande lav. DN deler ikkje denne konklusjonen.

– Vår vurdering er at miljørisikoen er stor. Dette bygger vi på at oljeaktiviteten vil gå føre seg svært nær kysten, eit utslepp vil nå land på få timar, store mengder olje kan råke kysten, konsekvensane for fleire artar og grupper av artar kan bli store og det er ei enorm utfordring knytt til beredskap i området, seier Sollie.

Desse utfordringane vert presentert enkeltvis i dei ulike underlagsrapportane. Utfordringane knytt til desse resultata enkeltvis og samla sett kjem derimot ikkje tydeleg fram i samanstillingsrapporten frå OED.

– Ei slik framstilling bidrar til å bagatellisere dei store miljømessige utfordringane i området. Konsekvensane av eit utslepp vil bli så alvorlege at miljørisikoen etter DN sitt syn ikkje kan kallast lav, seier DN-direktøren.

Usikre effektar av utslepp

DN er heller ikkje einige i at miljørisikoen er den same som i andre område med tilsvarande aktivitet. Etter DN si oppfatning er dette ein konklusjon som er basert på at det er lite sannsynlig at eit utslepp vil skje, utan at ein legg tilstrekkeleg vekt på at rapportane viser at miljøkonsekvensane vil vere høgare her enn i mange andre område.

DN peikar på at det framleis er usikkert kva for effektar såkalla regulære utslepp frå petroleumsverksemda kan ha for miljøet i området. Dette er utslepp av mellom anna borekaks og ureina vatn frå produksjonen. Ein kan ikkje sjå bort i frå at slike utslepp vil ha effekt på dei høgproduktive områda i Lofoten/Vesterålen og nordover. Mellom anna er det usikkert om nøkkelartar i økosystema vert negativt påverka.

Utfordrande beredskap

Direktoratet er sterkt i tvil om det er mogleg å sikre tilstrekkeleg beredskap til å handtere eit alvorleg oljeutslepp i dei aktuelle områda. Ved kystnær aktivitet vil store mengder olje kunne drive til land på svært kort tid. Sterke straumar, i kombinasjon med kystområde med ei rekkje øyer, holmar, viker og sund, vil bidra til at olje kan verte spreidd over store område. I delar av året er det heller ikkje mogleg å samle opp olje i strandsona.

Beredskapsanalysen beskriv svært utfordrande forhold. Analyser viser at sjølv ein beredskap som er mykje meir omfattande enn den ein vanlegvis legg til grunn, i liten grad vil redusere det betydelege potensialet for store miljøkonsekvensar.

– Utfordringane knytt til å få på plass tilstrekkeleg oljevernberedskap kjem ikkje tydelig fram i samanstillingsrapporten som er lagt fram, seier Janne Sollie.

Sjøfugl under press

Områda rundt øya Røst husar den nest største samlinga av hekkande sjøfuglar i Europa, med knapt ein halv million hekkande par. Kvar fjerde norske lundefugl hekkar her. Samla utgjer dei sju prosent av den globale bestanden. Lofoten har 10 artar som opptrer i så store mengder at dei utgjer internasjonalt viktige bestandar.

Områda i og utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja er viktige også for fisk og marine pattedyr, og dei husar hundrevis av korallrev. Mellom dei er Røstrevet som er verdas største kjende korallrev i kalde havområde.

– Vi er bekymra for dei konsekvensane oljeaktivitet og eventuelle utslepp kan få for mange artar, men òg for samspelet mellom artar og heile økosystemet. Slike vurderingar er ikkje gjort i dei nye kunnskapsrapportane, seier Sollie.

Innspel til departementet

Rapportane som Olje- og energidepartementet har lagt fram omhandlar ny kunnskap om store areal som ikkje er opna for oljeverksemd i Norskehavet. Dette gjeld heile eller delar av blokkene Nordland IV, Nordland V, Nordland VI, Nordland VII og Troms II.

Det er Miljøverndepartementet som har bede Direktoratet for naturforvaltning om å gje sine innspel i høyringa.

Relaterte lenker

Tema