Polarlomvi lever i stort antall i Barentshavet.

Vil avgrense oljeaktivitet i Barentshavet

Av omsyn til miljøet bør det berre tillatast avgrensa aktivitet i eit område som vert vurdert opna for petroleumsleiting og -utvinning i Barentshavet, meiner Direktoratet for naturforvaltning.

Olje- og energidepartementet har på høyring ein rapport som omhandlar konsekvensane av å opne for leiting og eventuell utvinning av olje og gass i eit 44 000 kvadratkilometer stort areal i havområdet. I samband med høyringa har Miljøverndepartementet bede Direktoratet for naturforvaltning (DN) om råd.

DN rår til at det vert sett restriksjonar for aktiviteten i nord og sør i det aktuelle området. DN sitt råd er at det ikkje vert opna nærare enn 50 kilometer frå kysten av fastlandet og 50 kilometer frå den maksimale utbreiinga av is i dei nordlege delane.

– Barentshavet er eit produktivt havområde og eit svært viktig leveområde for fisk, sjøfugl og marine pattedyr. Kystområda, og iskanten i nord, er sårbare og bør skjermast for petroleumsleiting og utvinning, seier DN-direktør Janne Sollie.

Direktoratet meiner òg at aktiviteten bør avgrensast i tid, og ikkje gå føre seg i haustmånadane. På denne tida av året trekker alkefuglar gjennom området på eit symjetrekk frå hekkekoloniane mot områda der dei skal overvintre. Eventuell risikofylt aktivitet bør styrast til dei periodane av året då risikoen for å skade miljøet er minst.

Rikt på liv

Få område har større tettleik av sjøfugl enn Barentshavet og mange av sjøfuglbestandene i området er av stor nasjonal og internasjonal verdi. Om lag 200 fiskeslag har Barentshavet som gyte-, oppvekst- og leveområde. Ei rekkje artar av marine pattedyr brukar havområdet som leveområde heile året. Sel- og kvalartar beiter her, og dei islagde områda i nord er viktige for isbjørn og andre artar som lever på isen. Havbotnen har store koloniar av svampar og andre botndyr.

Områda der isen møter ope hav vert kalla iskanten. Denne flyttar seg nord og sør med årstidene etter som isen smeltar og frys til. Om våren og sommaren trekker iskanten seg tilbake mot nord, og skapar heilt spesielle forhold som gir svært stor planktonproduksjon. Ei rekkje artar søkjer til iskanten i denne tida.

Bekymra for moglege konsekvensar

– DN er svært bekymra for kva som kan bli konsekvensane for artar i iskantsonen ved eventuelle oljeutslepp etter uhell. Konsekvensutgreiinga viser at miljøkonsekvensane kan bli store i desse områda og i kystnære strok, seier DN-direktøren.

Det knyter seg òg uro til kva konsekvensane kan bli for dei store førekomstane av sjøfugl i området som er foreslått opna. Det manglar kunnskap om kva for bestandar sjøfuglane her høyrer til og korleis fuglane brukar havområda. Det trengst meir kunnskap om spesielt viktige og sårbare område for ulike artar og bestandar.

DN er også i tvil om beredskapen i desse arktiske stroka kan bli god nok til å hindre og handtere eventuelle utslepp av olje. Dette ligg til grunn for tilrådinga om restriksjonar for aktivitet i nord og sør i det aktuelle området.

– Det aktuelle området høyrer til dei mest produktive og rikaste havområda i verda. Den samla vurderinga vår er at området delvis bør skånast for petroleumsaktivitet. Samtidig bør vi nytte høvet til å betre kunnskapen om miljøforhold og sjøfuglane sin bruk av areal i og utanfor hekkesesongen. Dette vil vere ein basis for mellom anna funksjonell oljevernberedskap i Barentshavet. Slik kan ein ta miljøomsyn på alvor og vere føre var, seier DN-direktøren.

Relaterte lenker

Tema