Køyring med ATV har satt spor i Dalsdalen i Sogn og Fjordane. Foto: Statens naturoppsyn (SNO).

Saman mot ulovleg terrengkøyring

Uvettig køyring på barmark set spor i naturen og kan forstyrre dyre- og friluftsliv. Statens naturoppsyn i Miljødirektoratet og ØKOKRIM ber de som bruker ATV om å vise ansvar og sette seg inn i reglane før de startar motoren.

Køyring i terrenget

Ut over offentlege formål som politi, redningsteneste og liknande er berre følgjande tillatne utan søknad:

Nødvendig person- og godstransport til og frå faste bustader

Nødvendig person - og godstransport i jordbruks-, skogbruks- og reindriftsnæring. Dette omfattar ikkje jakt, fangst, fiske, bærsanking, sauesanking eller tilsyn med sau på beite

Transport av jaktutbytte ved jakt på elg og hjort, men berre sjølve slaktet. På Hardangervidda gjeld dette også villrein etter nærmare avgrensingar

Det blir stadig fleire terrenggåande køyretøy i Noreg, og dei siste fem åra har tal på registrerte firhjulingar (ATV-er) auka frå om lag 30 000 til rundt 50 000. Lovverket er likevel strengt for å køyre utanfor veg på barmark.

Det er verdt å merkje seg dersom du tenkjer å frakte folk og utstyr til skogen og til fjellet, eller berre har planar om å køyre ein tur.

Auka kontroll

No trappar Statens naturoppsyn (SNO) og ØKOKRIM, samt politidistrikt, opp samarbeidet. Målet er å redusere ulovleg køyring.

– Vi er særleg opptekne av å førebyggje og slå ned på ulovleg «leikekøyring». I haust vil etatane samarbeide om ei nærmare kartlegging av problemområde, og vi vil ha felles kontrollar i utvalde område. Ulovleg køyring vil bli meld. No som jakta er i gong vil vi også minne om reglane som gjeld for køyring i samband med den, seier fyrstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland i ØKOKRIM.

Han peikar også på at det blir reagert strengt ved brot på reglane. Det er som hovudregel snakk om høge bøter, og ved grove brot og gjentaking kan det også vere aktuelt å ta beslag i køyretøyet.

Varig skade på naturen

Køyring på barmark kan føre til slitasje og skade på terrenget og vegetasjonen, ved at belte og hjul lagar spor, sår og merke. Reglane for køyring på barmark er derfor strengare enn på snødekt mark.

– I myr og område med sparsam vegetasjon som veks langsamt, kan skadane etter motorkøyretøy bli permanente eller langvarige. Uvitig køyring kan også forstyrre dyrelivet og utøvarar av friluftsliv som søkjer stille og ro i skog og fjell. Formålet med reglane er å regulere unødvendig ferdsel, men lova skal også hjelpe til, slik at nødvendig transport til godtekne nytteformål årsaker minst mogeleg skade og ulempe, seier direktør Pål Prestrud i SNO.

Køyr jamt og roleg

Også dei som har lov å køyre kan hjelpe til å ta best mogeleg vare på naturen. Aggressiv køyring, med ujamn fart og krappe svingar, aukar skadane. Derfor er det ein fordel at du køyrer jamt og roleg. Følg i størst mogeleg grad traktorvegar, kjerrevegar eller andre etablerte spor.

Så langt det er mogeleg bør du unngå å køyre gjennom vegetasjonstypar og terreng som er sårbare, for eksempel myr, våtmark og på lågrabbar. Unngå å køyre når det er svært vått i terrenget. Vurder også om køyringa kan skremme dyrelivet.

Relaterte lenker

Kontakt

avdelingsdirektør Kari Kveseth
Statens naturoppsyn
telefon: 907 05 729 

Tema