Mudring, dumping og utfylling av massar i sjøområde er inngrep som er regulert av forureiningslova og i dei einskilde løyva som tiltakshavar må søkje fylkesmannen om. Foto: Johannes Abildenes fra Fylkesmannen i Finnmark.

Kontrollerer mudring og dumping av massar i sjø

Mudring, dumping og utfylling av massar i sjø og vassdrag kan påverke miljøet. Miljøforvaltninga kontrollar i haust slike anleggsarbeid i 12 fylke.

Tema for tilsynet:

Metodar for mudringa. Blir tiltaket gjennomført i samsvar med dei metodane som tillatinga gjeld for.

Avbøtande tiltak. Sikre at tiltak blir gjennomført og i samsvar med vilkåra i tillatinga.

Dumping og disponering av massar. Det er strengje krav til korleis massar skal handterast, om dei kan brukast til dumping eller utfylling, eller må handterast som avfall og blir levert til godkjent deponi.

Rutinar ved akutt forureining. Har tiltakshavar sett i verk tiltak for førebygging og vernebuing i tilfelle akutt forureining.

Maks. grense for massar som blir mudra, dumpa eller brukt til utfylling. Kontrollere om grensene i løyva blir overhaldne.

Området for tiltaket, kontrollere om arbeidet skjer innanfor dei grensene som er gitte i tillatinga.

Overvaking under tiltak. Undervegs i arbeidet skal tiltakshavar måle korleis arbeidet påverkar miljøtilstanden, loggføre dette og ha tilfredsstillande system for å fange opp eventuelle overskridingar.

Internkontroll- tiltakshavar skal ha eit internkontrollsystem som sikrar eit systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid.

Mange stader langs kysten blir det gjort inngrep på sjøbotnen for blant anna å auke seglingsdjup, utvide landareal og etablere kaiområde. Dei fleste tiltak krev eit løyve frå fylkesmannen.

Kan forureine sjøbotnen

Mudring, dumping og utfylling av massar i sjø og vassdrag kan medføre bortfall av leveområde, oppvirvling av forureina sediment og spreiing av partiklar som kan påverke artar og livet i sjøen. Dette kan bety varige skadar på viktige naturverdiar og fare for forureining.

Mudring, dumping og utfylling av massar i sjøområde er inngrep som er regulert av forureiningslova og i dei einskilde løyva som tiltakshavar må søkje fylkesmannen om. Det blir ofte stilt krav om å gjennomføre tiltak som vil minimere skadane.

Eksempel på slike krav er avgrensing av tiltaksområde med duk for å forhindre partikkelspreiing i vassmengdene, kontinuerleg overvaking i områda rundt tiltaksområdet, krav om ein gitt metode for gjennomføring av tiltak og tidsavgrensing på tiltaksgjennomføring.

Styrke kunnskapen

Kontrollane til miljøforvaltninga i haust vil i hovudsak fokusere på inngrep som omfattar mudring, dumping eller utfylling som er av ein viss storleik ( frå 500 til 50 000 kubikkmeter masse) i område med forureina sjøbotn og nær viktige naturverdiar.

Tilsynet blir gjennomført av fylkesmannen i 12 fylke i samarbeid med Miljødirektoratet. Aksjonen skal hjelpe til å styrkje kunnskapen til bransjen og kompetanse om ytre miljø som blir påverka av slike tiltak.

Kontaktpersonar hos fylkesmannen

Oslo og Akershus

Kvalø, Marte Strand
fmoamsk@fylkesmannen.no, tel 22 00 36 41

Rogaland

Kjelby, Marte
fmromkj@fylkesmannen.no, tel 51 56 87 48

Aust Agder

Raudsandmoen, Lillian
fmaalra@fylkesmannen.no, tel 37 01 75 41

Sør Trøndelag

Lorvik, Marit
fmstmlo@fylkesmannen.no, tel 73 19 92 13

Hordaland

Nesse, Magne
fmhomne@fylkesmannen.no, tel 55 57 23 35

Finnmark

Johnsen, Vigdis
fmfivjo@fylkesmannen.no, tel 78 95 03 72

Vestfold

Svendsen, Fred Marius fmvefms@fylkesmannen.no, tel 33 37 11 63

Buskerud

Gro Angeltveit
fmbugan@fylkesmannen.no, tel 32 26 69 13

Nordland

Lakså, Solveig Margrethe Bergseng fmnosbe@fylkesmannen.no, tel 75 53 16 04

Nord Trøndelag

Frøya Svendsen
fmntisv@fylkesmannen.no
, tel 74 16 80 55

Vest Agder

Østerhus, Bjørn Wattne fmvabwo@fylkesmannen.no, tel 38 17 62 04

Møre og Romsdal

Aurdal, Thomas
fmmrthau@fylkesmannen.no, tel 71 25 84 67

 

  

Relaterte lenker

Kontakt

sjefingeniør Rune Aasheim
industritilsynsseksjonen
telefon 93 289 782

sjefingeniør Kenneth John Macrae
industritilsynsseksjonen
telefon 40 042 871

Tema