Laksefiske i den kalkede Tovdalselva. Foto: Alv Arne Lyse

Foreslår redningsaksjon i fleire forsura vassdrag

Kalking av fem nye vassdrag er blant forslaga når Miljødirektoratet i dag sender nasjonal kalkingsplan for 2016-2021 på høyring. Forsuring vil framleis vere eit stort miljøproblem dei neste seks åra, men i einskilde område kan kalkinga trappast ned.

Kalking av forsura vassdrag har sikra laksebestandane i 12 vassdrag, og det er reetablert  laksebestandar i ti andre elvar. I tillegg reknar ein med at meir enn 2.500 bestandar av innlandsfisk er berga som følgje av kalking. Auka fiskebestandar har ført til auka tilbod om fiske, og betydeleg verdiskaping i lokalsamfunna.

Miljødirektoratet koordinerer den statlege vassdragskalkinga i Noreg. Då vi er inne i siste året i inneverande planperiode for kalking, sender direktoratet i dag ut plan for kalking av vassdrag i Noreg for perioden 2016-2021 på høyring. Planen skal hjelpe til å oppnå dei nasjonale miljømåla om at økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester, og om at utviklinga til trua og nær trua artar og naturtypar skal forbetrast.

– I dag utgjer fisket i kalka vassdrag om lag 14 prosent av laksefangstane i norske vassdrag. Internasjonale avtaler om utsleppsreduksjonar og metodisk kalking gjennom mange år er eit stjerneeksempel på at godt miljøarbeid når fram og kjem samfunnet til gode, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Friskmeldinga tek tid

Som følgje av internasjonale avtalar har det dei siste tiåra vore ein sterk reduksjon i sur nedbør, men forsuring er framleis eit stort miljøproblem. Forsuring har ført til stor reduksjon av biologisk mangfald i vatn og elvar i Noreg. Tynt jordmonn og kalkfattig berggrunn gjer at delar av Sør-Noreg har låg tolegrense for forsuring.

Det tek tid å byggje opp att bufferkapasiteten i jorda etter mange års utarming, og dei avtalte utsleppsreduksjonane er ikkje tilstrekkelege for å unngå forsuringsskadar på fisk og anna biologisk mangfald i Sør-Noreg.

– I nokre område forventar vi at kalkinga kan reduserast dei neste seks åra. Samstundes tek det tid for naturen å respondere på reduksjonen i sur nedbør. Kalking i forsura område er derfor framleis eit viktig tiltak i mange år framover, seier Hambro.

Kalking i nye vassdrag

I laksevassdrag er den viktigaste prioriteringa å vidareføre pågåande kalking så lenge det er naudsynt. Det er dessutan behov for å optimalisere kalkinga i sju av dei kalka vassdraga for å sikre betre måloppnåing. Slike optimaliseringstiltak kan mellom anna vere kalking av sure sidevassdrag og ein overgang frå innsjø- til doserarkalking i elvane. Det kan òg vere aktuelt å starte kalking i fem forsuringspåverka vassdrag som det fram til no ikkje har vore midlar til å kalke. Desse vassdraga ligg i Sogn og Fjordane, Hordaland og Vest-Agder.

– Det er aktuelt å starte kalking i Daleelva, Songdalselva, Høiebekken i Otravassdraget, Samnangervassdraget og Sireåna. Her er målet å leggje til rette for full reetablering av laks gjennom å sikre tilfredsstillande vasskvalitet for laksen heile året, til gode for nye generasjonar laksefiskarar og for å bidra til å sikre atlantisk villaks som art, seier Hambro.

I innsjø- og bekkekalkinga er den viktigaste prioriteringa å vidareføre pågåande kalking så lenge det er behov for å unngå reduksjon av fiskebestandar og anna biologisk mangfald. Dei siste åra er det gjennomførd ei omfattande nedtrapping av kalking i innsjøar som følgje av at forsuringssituasjonen har betra seg. I planperioden vil ein truleg kunne avslutte kalking i fleire innsjøar fordi vasskvaliteten har vorte betre. Samstundes er det framleis mange forsura og ukalka innsjøar som det kan vere aktuelt å byrje å kalke.

Tilpassa 2015-nivå

I 2015 vart det løyvt totalt 93 millionar kr (inkl. mva.) til kalking i Noreg. Alle tiltaka som er beskrivne i forslaget til plan vil truleg kunne gjennomførast i planperioden ved årlege totalløyvingar som i 2015.

Dei overordna måla for kalkingsverksemda er som minimum å sikre eller attskape god økologisk tilstand etter vassforskrifta med omsyn til forsuring, og å sikre godt tilgjenge til fritidsfiske i forsuringsramma område.

Relaterte lenker

Kontakt:

seniorrådgiver Hanne Hegseth, seksjon for vassdragstiltak
telefon: 995 87 855

Tema