Maisplanter. Foto: Astrid Berge, Miljødirektoratet.

Avtalen som betrar GMO-tryggleiken er ti år

Tryggleiken ved bruk av bioteknologi er blitt særs forbetra på verdsbasis som følgje av oppslutninga om Cartagena-protokollen. Protokollen er særleg viktig for sjølvråderetten til utviklingsland når det gjeld import av genmodifiserte organismar. 

Bonden i eit utviklingsland, som vil kjøpe eit genmodifisert såfrø av mais, kan ved hjelp av reglane i protokollen i større grad stole på at dei nasjonale myndigheitene i landet har sørgja for at maisen er blitt underlagt miljø- og helserisikovurderingar. Samstundes kan ein bonde som vert utsett for spreiing av til dømes ein genmodifisert mais til åkrane sine krevje erstatning frå bioteknologiselskapet. 

– Såleis bidreg protokollen både til betre mattryggleik, medlemslanda sin sjølvråderett og til ei meir rettferdig ansvarsdeling dersom det skjer skade, seier avdelingsdirektør Yngve Svarte i Miljødirektoratet. 

Cartagena-protokollen

  • Er ein protokoll under Konvensjon om biologisk mangfald (CBD).
  • Vedtatt i 2000 og sett i kraft i 2003.
  • Skal beskytte naturmangfaldet mot potensielle truslar frå genmodifiserte organismar (GMO).
  • Målsettinga er å sikre sikker transport, handsaming og bruk av GMO.
  • Særleg viktig i samband med internasjonal handel med genmodifiserte organismar.
  • 166 land, samt EU-landene, har slutta seg til protokollen som er juridisk bindande.

Direktoratet er nasjonalt kontaktpunkt for Mekanismen for informasjonsutveksling under protokollen (BCH). Direktoratet rapporterer til BCH, og bidreg med dette til informasjonsflyt over landegrensene. 

Feirar ti år

Cartagena-protokollen om handel med genmodifiserte organismar (GMO) har tiårsjubileum 11. september. Målet med protokollen er å fremje tryggleik ved bruk av bioteknologi, og trygge at slik handel over landegrensene ikkje skadar miljø eller helse. Protokollen omfattar alle levande dyr, planter, sopp, mikroorganismar og virus som er blitt modifisert ved hjelp av genteknologi. 

Då protokollen trådde i kraft var den eit klart signal om at verda måtte samarbeide for å betre tryggleiken ved bruk av bioteknologi. Sidan 2003 har ein mellom anna fått på plass ansvars- og erstatningsreglar, og ein har vidareutvikla føre var-prinsippet sin relevans for vurderingar av GMO. 

I tillegg har medlemsstatane fått høve til å ta omsyn til sosioøkonomiske aspekt i vurderinga. For Noreg vil sosioøkonomiske aspekt seie GMO sin nytte for samfunnet, bidrag til berekraftig utvikling og ei vurdering av etiske aspekt. Innhaldet i kriteriet om sosioøkonomiske aspekt er derimot omstridd i Cartagena-protokollen, og er derfor ikkje fastsett. 

Tilslutta av 166 statar

166 statar, inkludert EU, er tilslutta den juridisk bindande protokollen. Som følgje av den store oppslutninga er tryggleiken ved bruk av bioteknologi blitt særs forbetra på verdsbasis. Eit sentralt krav for protokollen er at staten skal samtykke om nokon ønskjer å importere GMO til eit land. 

– Mange utviklingsland har ikkje hatt tilstrekkelege reguleringar på plass. Derfor har kravet om samtykke vore særleg viktig for sjølvråderetten i desse landa når det gjeld spørsmål om import av genmodifiserte organismar, og har såleis bidrege til å sikre at medlemslanda har betre kontroll over eige matfat. Kravet om sjølvråderett tek sikte på å unngå at fattige land og menneske blir økonomisk avhengige av produkt utvikla av dei store multinasjonale bioteknologiselskapa, seier Svarte.

Gir rettleiing til utviklingsland

Miljødirektoratet

Frå 1. juli ei samanslåing av Direktoratet for naturforvaltning og Klima- og forureingsdirektoratet (Klif).

Også bygging av kapasitet er ei viktig side ved protokollen. At utviklingslanda får teknisk, vitskapeleg og juridisk rettleiing betyr mykje både for grunnleggande kunnskap for å få på plass nasjonale lovar, og for å kunne anvende reglane som følgjer av protokollen. 

Noreg har tatt ein aktiv rolle i kapasitetsbyggingsarbeidet, spesielt gjennom GenØk (senter for biosikkerhet) sin innsats på området.

Relaterte lenker

Kontakt

Bjarte Rambjør Heide
Seksjonsleder Artsseksjonen
Telefon: 40454374

Ingvild Skorve
Rådgjevar
Telefon: 454 77 980

Tema