Strengje grenser for utslepp frå SAR AS i Bergen

Miljødirektoratet gir bedrifta SAR AS lov til utslepp av reinsa prosessvatn til Simonsviken i Bergen, men set strengje grenser for kva utsleppa kan innehalde. Utsleppsgrensene er sette strengt for å sikre at miljøtilstandsklassa i Simonsviken og Byfjorden ikkje skal bli dårlegare.

Avfallsbehandling i Simonsviken

  • SAR AS er eit konsern med fleire bedrifter som tek imot og behandlar farleg avfall og boreavfall. Bedrifta i Bergen er plassert i Simonsviken Næringspark på Laksvåg.
  • Bedrifta har søkt om utslepp til sjø i Simonsviken, som leier ut mot Byfjorden. Utsleppet vil bli ført i ein nedgraven leidning som endar på ca. 20 meters djup, 45 meter frå land.
  • Selskapet har sidan 2011 hatt løyve til mottak og forbehandling av inntil 20.000 tonn oljeforureina vann per år. I tillegg har dei kunna ta imot og vidaresende inntil 3000 tonn farleg avfall per år.

SAR AS i Bergen etablerte i 2011 eit anlegg for mottak, mellomlagring og forbehandling av oljehaldig vatn og farleg avfall frå offshoreindustrien. Bedrifta har no søkt om løyve til å bli også eit behandlingsanlegg for farleg avfall, med eit utslepp på inntil 20 000 kubikkmeter reinsa prosessvann per år. Utsleppsvatnet inneheld ein del restar av forureiningar.

– Miljødirektoratet vil understreke at all forureining frå både desse og andre bedrifter isolerte sett er uønskt, men ifølgje forureiningslova skal vi alltid vege fordelar og ulemper mot kvarandre i slike saker. Vi har lagt vekt på å setje utsleppsgrenser som skal ta vare på miljøet i fjorden, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Høy offshore-aktivitet

Miljødirektoratet konstaterer at marknaden for behandling av oljeboringsavfall er pressa, på grunn av høg aktivitet offshore. Dette kan medføre uheldige konsekvensar i form av ulovleg mottak og lagring av avfallet. Miljødirektoratet ser det derfor som positivt at bedrifter som allereie er etablert for å ta imot og forbehandle avfall frå offshoreindustrien, også satsar på etablering av behandlingsløysing som er i tråd med det som blir rekna som best tilgjengelege teknikkar (BAT).

Fleire høyringsinstansar har kommentert lokaliseringa av anlegget. Miljødirektoratet si vurdering har lagt til grunn at området er regulert til industri, og at det allereie er etablert eit anlegg på området. Den nye aktiviteten vil ikkje påverke støynivået nemneverdig, og i løyvet blir det stilt krav til risikoanalysar og etablering av vernebuing.

Små miljøverknader

Utsleppet frå SAR Bergen kjem som eit nytt utslepp til eit fjordområde som allereie er forureina. Det er gjennomført ei konsekvensutgreiing som konkluderer med at utsleppet ikkje vil føre til at miljøtilstandsklassa i Simonsviken og Byfjorden blir dårlegare enn i dag. Utsleppa vil heller ikkje medføre akkumulering av miljøgifter eller føre til endringar i artsmangfald.

Det ligg ingen verneområde eller verneverdige område innanfor den delen av fjorden som kan bli påverka av utsleppet frå SAR Miljødirektoratet har fastsette strengare utsleppsgrenser enn det bedrifta har søkt om, og stiller krav til overvaking.

Miljødirektoratet er frå 1. juli 2013 ei samanslåing av Direktoratet for naturforvaltning og Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif).

Relaterte lenker

Kontakt:

seksjonsleiar Ingvild Marthinsen, seksjon for kjemisk og metallurgisk industri
telefon: 22 57 35 29

Tema