Strengje krav til utslepp frå TWMA på Mongstad

TWMA Noreg AS på Mongstad søkjer om å utvide mengda farleg avfall til behandling. Miljødirektoratet stiller strengje krav for å sikre at bedrifta sine utslepp ikkje gjer miljøet i Fensfjorden dårlegare.

TWMA på Mongstad utvidar

  • TWMA Noreg AS på Mongstad har tidlegare behandla inntil 30 000 tonn oljehaldig avfall i året. Den nye løyvet gir høve til å behandle inntil 75 000 tonn.
  • TWMA kan også sleppe ut 27 000 kubikkmeter reinsa prosessvatn, med restar av forureining, til fjorden. Utsleppspunktet ligg på ca. 50 meters djubde, rundt 100 meter utanfor Mongstad sør.
  • Avfallet som blir behandla ved TWMA, består blant anna av borekaks, oljehaldige emulsjoner og anna oljehaldig avfall. Behandlinga består i hovudsak av at avfallet blir varmebehandla slik at det blir danna vatn- og oljekondensat.

TWMA Noreg AS i Lindås kommune i Hordaland mottek, lagrar og behandlar oljeboringsavfall frå offshoreindustrien. Behandlinga inneber utslepp av reinsa prosessvatn til Fensfjorden. Dei ligg på eit område som er regulert til industriformål.
Verksemda har søkt om å utvide drifta til å ta imot meir enn dobbelt så mykje oljehaldig avfall som tidlegare.

Vernar miljøtilstanden i fjorden

Den auka avfallsbehandlinga ved TWMA vil føre til noko auka utslepp til Fensfjorden, men Miljødirektoratet stiller krav som inneber at miljøtilstanden i fjorden blir verna.
Vi har lagt vekt på tidlegare undersøkingar som viser at sedimenta i fjorden utanfor anlegget er lite påverka av utsleppa frå bedrifta. Botnfaunaen var rik og mangfaldig, og miljøpåverknaden frå utsleppa var generelt liten.

–TWMA Noreg på Mongstad vil totalt sett ha små utslepp. Men det finst fleire andre utsleppskjelder til Fensfjorden, og vi krev at bedrifta overvaker miljøpåverknaden av eigne utslepp. Vi tek sikte på å stille tilsvarande krav til andre verksemder i området. Dette skal på sikt føre til auka kunnskapar om miljøet i fjorden, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Små miljøkonsekvensar

Skal kartleggje perfluorerte forbindelsar

  • Miljødirektoratet har avdekt at fleire behandlingsanlegg for farleg avfall kan ha utslepp av perfluorerte forbindelsar.
  • TWMA Noreg på Mongstad må kartleggje kjelder til perfluorerte forbindelsar i avfallet dei mottek, og eventuelle utslepp av desse stoffa. Dette vil bli følgt opp som ei eigne sak av Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet understrekar at all forureining frå både desse og andre bedrifter isolerte sett er uønskt. Ifølgje forureiningslova skal vi alltid vege fordelar og ulemper mot kvarandre i slike saker. Miljøpåverknaden frå TWMA omfattar fyrst og fremst utslepp av totalt organisk karbon, olje og noko metall til sjø.

Miljødirektoratet konstaterer at marknaden for behandling av oljeboringsavfall er pressa på grunn av høg aktivitet offshore. Vi ser det derfor som positivt at bedrifter som allereie er etablert for å ta imot og behandle avfall frå offshoreindustrien, også satsar på etablering av behandlingsløysingar som er i tråd med det som blir rekna som dei beste tilgjengelege teknikkane (BAT).

Relaterte lenker

Kontakt:

  • seksjonsleiar Ingvild Marthinsen, seksjon for kjemisk og metallurgisk industri
    telefon: 95 17 19 88

Tema