Xellia Pharmaceuticals holder til på Skøyen i Oslo. Foto: Skjermdump, Google maps, 2013 street view

Millionbot etter fiskedød i Oslo

Lækjemiddelprodusenten Xellia Pharmaceuticals på Skøyen i Oslo har godteke ei bot på ein million kronar etter at Miljødirektoratet melde eit ulovleg utslepp av fosforsyre til politiet. Utsleppet førde til fiskedød i Hoffselva.

– Vi ser svært alvorleg på utsleppet frå farmasibedrifta. Både på grunn av forureininga og aktløysa til selskapet. Dei mangla gode nok rutinar, trass i at det er openberre risikoar forbundet med arbeidet. Vi meiner det er svært viktig at slike hendingar får konsekvensar, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Utslippet av fosforsyre kom fra Xellia Pharmaceuticals, som ikke ligger langt unna Hoffselva i Oslo. Kart: Google

Meldt av Miljødirektoratet

I september 2009 hadde antibiotikaprodusenten Xellia Pharmaceuticals (daverande Axellia) eit utslepp av ei ukjent mengd vaskevann med svært konsentrert fosforsyre til Hoffselva i Oslo. Same dag blei det oppdaga død fisk i elva. 

Utsleppet av vaskevatn med fosforsyre skjedde i samanheng med syrevasking av eit kjøletårn. Undersøkingar viste at avløpsnettet til bedrifta hadde fleire skadar og lekkasjar, som ikkje var blitt reparert. Miljødirektoratet melde lækjemiddelprodusenten for brot på forureiningslova.

Meldt i 2005

Same bedrift (tidlegare Alpharma AS og Xellia AS) er også tidlegare melde av Miljødirektoratet (daverande Statens forureiningstilsyn) etter fleire akutte utslepp av antibiotika til offentleg avløpsnett i perioden 2004-2006. Meldingane førde til at selskapet fekk 2,5 millionar kronar i bot og to millionar kronar i inndraging.

– Saka viser kor viktig det er å systematisk arbeide med rutinar og prosedyrar slik at miljøet ikkje blir skadt. Selskapet har opptrøtt uaktsamt og vi forventar betre av ein profesjonell aktør. Det er særleg alvorleg at bedrifta ikkje skjerper rutinane etter at dei har hatt fleire utslepp, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Kontakt

seniorrådgiver
Tonje Johnsen
juridisk seksjon
Telefon: 99509903

senioringeniør
Anne-Margit Bull
seksjon for kjemisk og metallurgisk industri
Telefon: 92850642

Tema