Rettleiar for ROS-analysar ved avløpsanlegg

Norsk Vann har nyleg utgitt ein rettleiar for risiko- og sårbarhetsanalysar (ROS) ved avløpsanlegg. Rettleiaren er retta mot Fylkesmannen, kommunar og rådgivarane deira i arbeidet med avløpsanlegg, men er også nyttig for andre som arbeider med risikoanalysar.

Rettleiaren skildrar ein arbeidsprosess for å vurdere og handtere risiko for utslepp til ytre miljø frå avløpsanlegg, det vil seie frå leidningsanlegg og reinseanlegg, inkludert slambehandling. Den omfattar både akutte, uønskte og planlagde hendingar.

Rettleiaren viser også korleis ein ROS-analyse er gjennomført i den fiktive eksempelkommunen Vanndalen.

Mal for utsleppsløyve

Miljødirektoratet har tidlegare i år laga ein mal for utsleppsløyve for kommunalt avløpsvatn, primært til bruk for Fylkesmannen. I denne er det vist til gjeldande krav om gjennomføring av risiko- og sårbarhetsanalysar (ROS-analysar).

Fylkesmenn, kommunar og andre aktørar i bransjen har så langt ikkje hatt føringar for omfang av og innhald i slike analysar.

Miljødirektoratet

Frå 1. juli 2013 ei sammenslåing av Direktoratet for naturforvalting og Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif).

Rettleiaren er gratis og kan lastast ned frå Norsk Vann. Arbeidet med rettleiaren er støtta av blant anna Miljødirektoratet.

Relaterte lenker

Kontakt:

sjefingeniør Terje Farestveit, lokalmiljøseksjonen
telefon: 22 57 37 75

Tema