Forslag om harmonisert klassifisering for bisfenol A og 1-metyl-2-pyrrolidon

Det europeiske kjemikaliebyrået (ECHA) ber om kommentarar på to nye forslag om harmonisert klassifisering og merking. Forslaga gjeld bisfenol A og 1-metyl-2-pyrrolidon, og er no på offentleg høyring med kommentarfrist til ECHA 11. oktober 2013.

Systemet med klassifisering og merking skal identifisere eit stoff eller dei farlege eigenskapane til ei stoffblanding og gi brukarane nødvendig informasjon om farar og sikker bruk.

Kjemikal blir klassifiserte med omsyn til helse- og miljøfare og brann- og eksplosjonsfare baserte på dei ibuande eigenskapane sine. Styresmakter og industri kan fremje forslag om harmonisert klassifisering av eit stoff. Dersom eit slikt forslag blir vedteke, vil denne klassifiseringa vere bindande for alle som skal klassifisere dette stoffet i EU/EØS.

Tema