Teknologisenter Mongstad (TCM) søkjer om endring av tillating (2019/236)

Teknologisenter Mongstad (TCM) har løyve til verksemd etter forureiningslova frå Miljødirektoratet til forureining frå testanlegg for karbonfangst ved Mongstad i Lindås kommune i Hordaland. Fram til no har to av verksemda sine område vore brukt til uttesting, men ettersom ny teknologi er under utvikling, ønskjer verksemda å ta i bruk eit tredje testområde, for å kunne tilby uttesting av kjemikaliefrie fangstteknologiar.

TCM har sidan 2009, tilbudd leverandørar av teknologiar for fangst av CO2 eit storskala anlegg for å teste ut kjemikalieløysningar på røykgass frå raffineri og kraftvarmeverk. Uttestinga er essensiell for å kunne vidareutvikle teknologiar til kommersielt bruk, men kjemikaliane som brukas kan ha uheldige miljøkonsekvensar, avhengig av kva for kjemikaliar som blir testa. Dokumentasjon på utsleppa dei aktuelle kjemikaliane vil medføre, skal sendast Miljødirektoratet i forkant av kvar kampanje for vurdering.

På det nye området vil det leggast til rette for utvikling av andre typar fangstteknologi som membranar og faste stoff. Ettersom denne teknologien ikkje brukar kjemikaliar og dessutan vil bruke mindre volum røykgass, meiner verksemda denne bruken vil medføre mindre miljøkonsekvensar enn uttesting av aminteknologiar. Det er likevel behov for nokre endringar i løyva slik at den nye aktiviteten vert omfatta.

Søknaden er lagt ut til offentleg innsyn hos Lindås kommune. Saksdokumenta og skjema for å gi elektronisk tilbakemelding finn du på denne sida, høyringsdokumenta ligg i høgremenyen.

Det er også mogleg å sende inn høyringskommentarar skriftleg til Miljødirektoratet, Postboks 5672 Torgarden, 7485 Trondheim.
Fristen for å gi tilbakemelding er 4. november 2019.

Send inn høringskommentar

Uttalelse fra:  
Firma /
Organisasjon:
 
E-post:  
Emne:  
Uttalelse:
Last opp dokumenter:

NB! Høringskommentarer som lastes opp i skjemaet sendes automatisk til Miljødirektoratet og blir synlig under uttalelser på denne siden.

Høringsdokumenter

Høringsuttalelser

Tema

Relaterte lenker