Sør-Norge Aluminium søkjer om auka produksjon (2019/1042)

Gjennomgang av løyve til verksemd etter forureiningslova og søknad om auka produksjon frå Sør-Norge Aluminium AS i Kvinnherad kommune i Hordaland.

Sør-Norge Aluminium AS har løyve til verksemd etter forureiningslova. Løyvet til å produsere primæraluminium på Husnes i Kvinnherad kommune ble gitt 2. mai 2000 og er seinare endra fleire gonger.

EUs industriutsleppsdirektiv (IED) er implementert i forureiningsforskrifta. Direktivet inneber at myndigheitene må stille krav til verksemda sitt utslepp slik at desse er i samsvar med spesifikke grensenivå for utslepp for bransjen, såkalla beste tilgjengelege teknikkar (BAT-konklusjonar).

Myndigheitene må derfor gjennomgå Sør-Norge Aluminium AS sitt løyve etter forureiningslova på nytt for at vi skal kunne vurdere om løyvet tilfredsstiller BAT-konklusjonar med juridisk bindande grenseverdiar (BAT-AEL). Gjennomgangen kan gi endringar i bedrifta sitt løyve. Sør-Norge Aluminium AS har gjort greie for om dei tilfredsstillar krava i BAT-AEL.

Sør-Norge Aluminium AS søkjer og om å auke produksjonen av primæraluminium, frå 185 000 til 220 000 tonn aluminium pr. år. Dei vil ta opp att drifta i hall B som vart stogga i 2009. Hall B vil bli oppgradert og full produksjon er planlagt frå midten av 2020. Til og med 2008 hadde bedrifta ein årleg produksjon på opp mot 170 000 tonn. Etter at hall B vart stengd har bedrifta hatt ein årleg produksjon på vel 90 000 tonn.

I samband med auka produksjon vil eksisterande gassreinseanlegg bli oppgradert. Det vil bli bygd ein ny støyperiomn. Det vil bli auka gjenbruk av kjølevatn i støyperiet, og det vil bli satt inn ein ny større oljeutskillar for å redusere oljeutsleppa. Det vil bli satt opp eit nytt bygg for riving av omnskassar. Mykje anna utstyr vil og bli forbetra.

Auka produksjon vil gi auka utslepp. Sør-Norge Aluminium søker om løyve til auka utslepp til luft av fluorider frå 9 til 12,5 kg pr. time, støv frå 20 til 25 kg pr. time og svoveldioksid frå 375 til 550 tonn pr. år. Til vatn er grensa gitt som kg suspendert stoff pr. time. Bedrifta søker ikkje om endring av denne grensa. Mengdene avfall vil bli dobla. Dei auka utsleppa av fluorider kan gje auka miljøeffektar, bedrifta vil få krav til å følge opp dette.

Miljødirektoratet ber om å få eventuelle utsegn til saka innan 1. april 2019.

Dokumenta i saka og skjema for å gi utsegn elektronisk finn du på denne sida. Høyringsdokumenta ligg i høgremenyen.. Du kan og sende utsegn i brev til Miljødirektoratet, postboks 5672 Torgarden, 7485 Trondheim. Dokumenta i saka finn du og i Kvinnherad kommune, både på Rådhuset og på heimesida deira. Utsegna vert publiserte fortløpande på Miljødirektoratet.no, med mindre du uttrykkjeleg reserverer deg mot dette.

Send inn høringskommentar

Uttalelse fra:  
Firma /
Organisasjon:
 
E-post:  
Emne:  
Uttalelse:
Last opp dokumenter:

NB! Høringskommentarer som lastes opp i skjemaet sendes automatisk til Miljødirektoratet og blir synlig under uttalelser på denne siden.

Høringsdokumenter

Høringsuttalelser

Tema

Relaterte lenker